Vurderer å setja inn båt etter ras

Ullensvang-ordførar Solfrid Borge seier heradet jobbar med å få sett inn skyssbåt mellom Utne og Grimo i samband med raset på fylkesveg 5550 ved Trones. – Barn må på skulen, heimesjukepleiarar må på jobb og folk må ferdast til og frå ferjekaien på Utne, seier Borge. Ho er overraska over omfanget av raset og staden det gjekk. – Normalt er denne delen «trygg». Deler av fjellsida har losna, så her må ein vera heilt sikker før vegen kan opna.

Solfrid Borge
Foto: Tale Hauso / NRK