NRK Meny
Normal

Kan gå inn i anlegg for å finne kjelda til lakserømming

Framleis har ingen tatt på seg skulda for den rømte oppdrettslaksen i Hardangerfjorden. Fiskeridirektoratet vurderer no ytterlegare tiltak.

Rømt oppdrettslaks fanget i Etne

MYSTISK FANGST: Desse oppdrettslaksane blei fanga i ei laksefelle i Etne. Kvar dei kjem frå, er enno uavklart.

Foto: Havforskningsinsituttet

Ifølgje Fiskeridirektoratet har oppdrettslaksen nyleg rømt, truleg frå eitt og same oppdrettsanlegg.

Sidan ingen av oppdrettarane i området har meldt frå om ei rømming, har Fiskeridirektoratet samla inn data frå alle anlegga for å finne ut kvar fisken kjem frå.

– Me går gjennom og undersøker all informasjonen selskapa har sendt inn, leveringsdata og slaktedata for fisk som er levert til brønnbåtar og slakteri i perioden me har teke imot meldingar om rømt fisk, seier rådgjevar i Fiskeridirektoratet, Hanne Marie Utvær.

Over 170 rømte oppdrettslaks er fanga frå Hardangerfjorden i løpet av juli.

Vurderer nye tiltak

Rømt oppdrettslaks

RØMT: Fisken er henta opp frå Etneelva. Dei fyrste meldingane om rømt laks byrja komme inn i starten av juli.

Foto: Havforskningsinsituttet

Forskarar frå Uni Research er no i Hardanger for å undersøke elvene og vassdraga, samt hente opp rømt fisk.

Fiskeridirektoratet vil vurdere å undersøke oppdrettsanlegga i området, dersom dei ikkje snart finn kjelda til rømminga.

– Det er noko som me vurderer undervegs. Førebels er det så pass mykje dokumentasjon å gå gjennom, at me må gjere det fyrst. Men ein kan ikkje sjå bort frå det, seier Utvær.

LES OGSÅ: Prøver å løse laksemysterium i Hardanger

Oppdrettsnæringa må betale for tiltaka

Å finne kjelda til ei slik rømming kan vere krevjande for oppdrettsanlegga, seier Øyvind André Haram i SjømatNorge AS, interesseorganisasjonen for mange av oppdrettsselskapa.

Øyvind André Haram

Informasjonssjef i SjømatNorge, Øyvind André Haram.

Foto: Siv Dolmen / FHL

– Det er midt på sommaren, og ikkje alltid like lett å få tak i dykkarar og utstyr til å gå gjennom alle merdane i dette området, så det kan ta tid å leite etter eventuelle hol. Utan at eg skal seie at det er årsaka til denne rømminga.

Harram meiner det er heilt uproblematisk for oppdrettarane dersom Fiskeridirektoratet bestemmer seg for å undersøke oppdrettsanlegga.

– Det er veldig bra om dei vil det. Dei vil bli tatt i mot med opne armar og dører. Ein må jo finne kjelda, ingen ønskjer at rømming skal skje, seier Haram.

Kostnadane for tiltaka Fiskeridirektoratet må setje i verk vil bli kravd betalt tilbake av oppdrettsnæringas samanslutning for kollektivt ansvar for utfisking av rømt oppdrettsfisk i elvane.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.