Hordaland-politiet må gjennom ein ny runde med gransking av varslarsaker. Juristforbundet er sterkt kritiske og meiner konklusjonen er gitt på førehand.
Ny rapport, samme firma
For andre gong skal advokatfirmaet Wiersholm granske korleis interne varslarar har blitt behandla i Hordaland politidistrikt. Rapporten skal vere klar før jul, ifølgje Bergens Tidende.
Juristforbundet, som representerer fleire av leiarane i politidistriktet, var sterkt kritiske til
.- LES OGSÅ:
President Curt A. Lier er lite nøgd med at det same advokatfirmaet gjennomfører ei ny gransking.
– Det er ingen som er i det minste i tvil om kva konklusjonen vil bli, seier Lier, som vil vurdere å be medlemmene boikotte den nye granskinga.
Behandler fire varslersaker
Leiinga i Hordaland politidistrikt fekk flengande kritikk i den første rapporten som konkluderte med at politimannen Robin Schaefer vart utsett for ulovleg gjengjelding frå leiinga i samband med Monika-saka.
Den nye granskinga dreier seg om korleis Hordaland-politiet behandla varsla frå politijuristane
, HMS-rådgjevar og politioverbetjent .Verken advokat Jan Fougner i Wiersholm eller Justisdepartementet har ønskt å kommentere saka.