Hopp til innhold

Vossingar er lei av gjørme over alt

Vossingane er drittlei av støv og gjørme frå tunnelbygging.

Søledammar på Voss

GJØRME: Gjørme og søledammar over store delar av Voss sentrum.

Foto: Arnstein Karlsen

Anleggsarbeid på Voss

TUNNELBYGGING: Arbeidet med den nye tunnelen set eit gjørmete preg på Voss.

Foto: Arnstein Karlsen

Store delar av Vossevangen er full av søledammar, støv og gjørme.

Årsaka til problema er lastebilar som driv med bortkjøring av massar frå bygginga av Vangstunnelen.

– Støvsky i sentrum

– Det ligg ei støvsky etter dei gjennom sentrum. Det er sånn på dei verste dagane at når du har ein bil som er femti meter framfor deg, så kan du ikkje sjå han, og det er jo ganske ille, seier hotelldirektør Erik Fleischer Tønjum til NRK.

Tunnelen skal fjerna gjennomgangstrafikken på E16, og er ein del av den såkalla Vossapakko , som består av tre prosjekt i Voss og Granvin (sjå kart nederst).

Kvar dag køyrer lastebilar hundre lass med utsprengt stein gjennom sentrum. Dette kjem i tillegg til all trafikken som går gjennom sentrum frå før.

Bør vossingane la vera å klaga når dei faktisk får ny tunnel, eller er kritikken rimeleg? Kommenter saka nederst i artikkelen!

Innrømmer gjørmeproblem

Statens vegvesen beklagar at det har blitt meir skit enn det burde vore.

– Til tider har det ikkje vore bra. Det skal vi innrømma. Det skal ikkje vera skadeleg å pusta inn, men det er jo veldig ubehageleg, seier byggeleiar Bjarne Løne i vegvesenet.

Massetransport gjennom Voss sentrum

HUNDRE LASS KVAR DAG: Lastebilar og semitrailerar fraktar vekk 100 lass med utsprengt stein kvar dag.

Foto: Arnstein Karlsen

Ordføraren tar opp saka

Ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap) er enig i at støv og gjørme er ei utfordring i byggeperioden. No vil han ta kontakt med vegvesenet for å prøva å finna tiltak som kan betra situasjonen.

– Eg kan lova innbyggarane at vi skal finna ut kva vi kan gjera for at dette skal bli betre, seier Ringkjøb.

Den lokale hotelldirektøren håpar det skal bli betre framover.

– Dei har nok fortsatt ein jobb å gjera med å renska opp, seier han.

Vangstunnelen skal etter planen vera ferdig i desember 2013.

Vangstunnelen på Voss

NY TUNNEL: Vangstunnelen blir om lag 2,5 kilometer lang og følgjer den stipla linja i fjellet bak Vossevangen.

Foto: Statens vegvesen