Hopp til innhold

Vossing sette ny verdsrekord

Frode Johannessen blei verdas raskaste Base-hoppar i World Base Race.

Frode Johannessen - verdens raskeste mann
Foto: Kjell Herskedal / SCANPIX

World Base Race blei i år arrangert frå fjellet Grindsetskolten i Rauma. Der kom Frode Johannessen ned på 18.34 sekund, noko som er ny verdsrekord, skriv avisa Hordaland .

– Eg får ofte spørsmål om kvifor eg flyg så fort og eg trur nok at det er ein kombinasjon av kroppsmassen min og måten eg flyg på. Eg byrjar ganske aggressivt og finn godstillinga mi, seier han til avisa.

Vann også i 2009

Kåringa av «The world fastest flying human being» har føregått i Rauma sidan 2008.

LES OGSÅ: Verdens råeste fartsfest

Johannessen vann World Base Race også i 2009. I fjor var det Espen Fadnes frå Molde som vann, opplyser World Base Race på nettsidene sine.

Konkurransemenneske

Årets vinnar utelukkar ikkje at han stiller opp i konkurransen om å bli ”det raskaste menneske i lufta” fleire gonger.

– Eg er eit konkurransemenneske, så eg trur nok at eg stiller til neste år og, seier Johannessen til Hordaland.