Hopp til innhold

Vossa Jazz redda

Vossa Jazz unngår festival-døden. Næringslivet på Voss er livreddar.

Vossa Jazz
Foto: www.festivalfoto.no/Kristian Monsen

Onsdag vart det innkalt til krisemøte mellom styret i Vossa Jazz og næringslivet.

På dagsorden: Korleis redde festivalen frå konkurs?

Akutt naudhjelp var nemleg naudsynt for at festivalen skulle overleve.

Musikarane får betalt

Det har kome fram at Vossa Jazz ikkje har betalt ut honorar til fleire av musikarane som gjorde konsertar på årets festival.

Mellom dei er Trygve Seim, som skreiv tingingsverket til 2006-utgåva av festivalen.

Festivalen gav musikarane tilbod om akkord, med valet mellom anten å akseptere eller la festivalen gå konkurs. Tilbodet til musikarane skal ha vore på rundt 40-50 % av det dei opphavleg hadde til gode.

No har næringslivet påtatt seg å betale for rekningane som musikarane har uteståande. Til saman skal det dreie seg om rundt 380 000 kroner.

Glad og letta

I klartekst betyr dette at Vossa Jazz også har ei framtid, ikkje berre ei fortid - det vert garantert festival neste år også.

Styreleiar Trude Storheim var sjølvsagt nøgd med løysinga.

- No er eg svært glad og svært letta, vi har jo lyst å gjere opp for oss, seier ho til NRK.

Ordføraren i Voss kommune, Bjørn Christensen, hadde status som tilhøyrar under dagens krisemøtet. Etterpå var han også gledda:

- Eg er veldig nøgd med at dei ordna opp i vanskane, seier han til NRK.

Vossajazzen er likevel ikkje i mål, framleis skuldar festivalen om lag éin millon til andre kreditorar. Korleis denne gjelda skal handterast, vert ei utfordring for Storheim & co seinare.