Hopp til innhold

Politiet får hjelp av voodoo-prestar i etterforsking

Nigerianske prostituerte blir trua av bakmenn med voodoo-forbanningar. No får politiet hjelp av voodoo-prestar til å etterforske menneskehandel.

Prostitusjon i Bergen sentrum

TRUA: Nigerianske prostituerte kan vere trua av bakmenn, sjølv om bakmennene er i heimlandet meiner politiet. Både kvinnene sjølv og familiane deira trues.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Rudolf Christoffersen

ETTERFORSKAR: Rudolf Christoffersen har vore påtaleansvarleg i EXIT-gruppa i mange år. No er han statsadvokat i Hordaland.

Foto: Christian Kråkenes / NRK
Åpenlys forhandling

GJELD MANGE: Politiet fortel at svært mange av dei prostituerte hevdar er utsette for voodoo-ritual og blir trua med forbanningar over dei og familien deira.

Foto: Thomas Bjørnflaten / Scanpix

Kvinnene blir rekruttert i heimlandet, gjerne av vener eller nokon i familien. Dei blir så tatt med til ein voodoo-prest, før dei kan sendast til Europa.

– Kvinna må inngå ei pakt der ho lovar å betale bakmennene for reisa. Pakta består av svært intime ting. Tåneglar og kjønnshår blir klipt av, og saman med menstruasjonsblod blir dette grave ned og pakta blir forsegla, seier Rudolf Christoffersen, statsadvokat i Hordaland.

Christoffersen har mange års erfaring som påtaleansvarleg i Exit-gruppa hos politiet i Hordaland, ei gruppe som etterforskar menneskehandel.

Han beskriv voodoo-rituala som ein gamal tradisjon, ofte med store seremoniar i heimlandet, Nigeria.

Skuldar 400 000 kroner

– Kvinnene truast med at om dei ikkje betalar slik dei har lovt, kjem denne voodoo-forbanninga til å råke dei og deira familie. Dette er ei sterk, reell frykt hos kvinnene, seier Christoffersen.

Kvinnene skuldar ofte nær 50 000 euro, eller 400 000 kroner, til bakmennene som fekk dei til Europa.

Kvinnene er derfor ofte redde for å vitne, fordi det vil vere eit brot på pakta.

Politiet bruker «voodoo-prester»

Derfor har politiet i Bergen fått hjelp av såkalla «voodoo-prestar», personar frå det nigerianske miljøet som har kompetanse på voodoo. Dei møter kvinnene for å hjelpe dei til å føle seg trygge.

Det va Bergensavisen som først skreiv om politiet sin bruk av voodoo-prestane.

– Vi må fortelje desse kvinnene at dette er overtru. På same tid må vi ha respekt for deira religion, og det er viktig at dei får høyre dette frå ein av sine eigne, seier Christoffersen til NRK.no.

Frykta skapar også store problem i rettsvesenet, der det er vanskeleg å bevise at kvinnene er offer for menneskehandel.

– Det er vanskeleg å vise at dei er utsette for sterkt press og truslar, utan at dei blir trua med fysisk vald av bakmenn i Norge. Trusselen er like fullt reell, seier Christoffersen.

Kristne prestar i Oslo

Politioverbetjent Harald Bøhler

KRISTNE PRESTAR: Politiet i Oslo har tidlegare brukt kristne prestar i etterforskinga, men er opne for å bruke nigerianske voodoo-prestar i framtida.

Foto: NRK

Også i Oslo har politiet nytta prestar for å etterforske menneskehandel frå Nigeria, men der er det kristne prestar som har snakka med kvinnene.

– Dei tar vekk magien og fortel at andre makter er sterkare enn voodoo-forbanninga dei er utsett for. Å bruke prestar har også auka tilliten mellom kvinnene og politiet, fortel politioverbetjent Harald Bøhler.

Mange av dei prostituerte kjem frå den kristne delen av Nigeria og trur både på Bibelen og voodoo. Mellom 2008 og 2009 brukte politiet prestar i fleire saker, men hadde vekslande hell.

– Mellom anna trudde ikkje alle kvinnene at forbanninga kunne løftast. I Nederland og Nigeria har det blitt brukt voodoo-prestar med gode erfaringar, og vi er absolutt opne for å prøve igjen om vi finn den rette kompetansen, seier Bøhler.

Drapstruslar mot familien

Politiet fortel at dei fleste av kvinnene som melder menneskehandlarane sine hevdar dei er utsett for voodoo-forbanningar.

Nokre gongar er familien til kvinna med under seremonien, og blir då også råka av forbannelsen om kvinna ikkje klarer å betale gjelda si.

– Vi høyrer historier der både kvinna sjølv om familien hennar i Nigeria skal drepast om gjeld ikkje blir betalt. Nokre av kvinnene er nok meir redde for fysiske represaliar frå menneskehandlarane enn forbanninga i seg sjølv, seier Bøhler.

Svært utbreitt religion

Patricia Akinyema - PRO senteret

POSITIV: Patricia Taiye Akinyema har arbeidd med nigerianske prostituerte i 14 år. Ho trur prestane kan hjelpe politiet.

Foto: Privat

Patricia Taiye Akinyema er sjølv frå Nigeria og har arbeidd med nigerianske prostituerte på PRO-senteret i Oslo i 14 år. Ho kjem frå det same området som mange av kvinnene som er utsett for menneskehandel.

– Vi kallar religionen vår for Ayilala. Den står veldig sterkt i Nigeria og påverkar alle, spesielt i dette området av landet, fortel Akinyema.

Ho meiner voodoo-prestane som arbeider for menneskehandlarane misbrukar voodoo-religionen.

– Politiet i Nigeria har ei eiga gruppe som kjempar mot menneskehandel. Dei har arrestert fleire av dei som har brukt sin posisjon som voodoo-prest i samanheng med menneskehandel. Men framleis er det prestar som held fram med desse rituala, fortel ho.

Positiv til bruk av voodoo-prestar

Fordi voodoo-religionen står så sterkt i den nigerianske kulturen synest Akinyema det er eit godt tiltak av politiet å nytte seg av voodoo-prestar i etterforskinga.

– Så lenge politiet brukar ein god voodoo-prest som kjenner Nigeria, og veit kva jentene har vore gjennom, trur eg det vil hjelpe dei. For eksempel i Italia har dei henta inn prestar frå Nigeria med godt resultat, seier Akinyema.