Hopp til innhold

Vogntogsjåfør med fleire tonn i overlast på hengaren: – Vegvesenet snakkar usant

Ein dansk sjåfør fekk over 40.000 kroner i bot då han vart stoppa i Bergen med overlast. No fortvilar han over korleis Vegvesenet framstiller han, og fryktar for ryktet sitt.

Tungt lastet vogntog Åsane

STOPPA I KONTROLL: Denne spesialtransporten blei stoppa i Åsane med det som ifølge Vegvesenet var «blankpolerte» sommardekk og ti tonn for mykje på hengaren.

Foto: Statens vegvesen

Onsdag kveld hadde Vegvesenet tungtransportkontroll på E39 i Åsane i Bergen. Der blei ein spesialtransport frå Danmark stoppa på veg mot Førde.

– Då vi køyrde bilen opp på vekta, viste den ei overvekt på ti tonn. Sjåføren er nok ikkje vand med slike køyreforhold frå Danmark. Vekta kombinert med dekka gjorde dette til ein ytst uheldig situasjon, sa Tommy Alsaker, seksjonsleiar for køyretøy i Statens vegvesen region vest, etter kontrollen.

Spesialtransporten hadde ein generator på hengaren, og Vegvesenet rapporterte at vogntoget totalt vog 75 tonn, og i tillegg hadde fire «blankpolerte» sommardekk.

Rasar mot «feilinformasjon»

Det har fått den danske sjåføren til å reagere.

– Det var to dekk som var slitne ned til under fem millimeter, men alle dekk var godkjende til å køyre med i Norge. Det var heller ikkje ti tonn i overlast, men fire tonn, seier Søren Bøgelund Pedersen til NRK.

Han meiner det er ille at Vegvesenet går ut med opplysningar som, ifølge han, ikkje er korrekte.

Det var søkt ein feil tillatelse til vogntoget mitt, og eg hadde omlag 4000 kg for mykje på det. Men det er heilt feil at eg hadde «blankpolerte» dekk og ti tonn for mykje i last.

Søren Bøgelund Pedersen

– Det er feil å framstille det som at eg ikkje er vand med slike køyreforhold, eg har køyrd vogntog i 35 år og køyrer i heile Europa både sommar og vinter, seier sjåføren.

Etter å ha blitt stoppa fekk han køyreforbod og 44.000 kroner i bot.

– Firmaet eg køyrer for har betalt bota, fortel dansken som etter kvart fekk ny dispensasjon og kunne køyre vidare.

– Ikkje snakk om uthenging

Statens vegvesen seier det heile dreiar seg om ei misforståing.

– Feilen som er kome ut er at det var fire slitne dekk, medan det korrekte var at han fekk gebyr for to. Resten av dekka var innanfor grensa, seier kontrollør Jan Rune Presttun.

Han fortel at vektfordelinga på vogntoget var feil.

– Vogntoget kunne ha ei total vekt på 70 tonn, medan det vog 74, seier Presttun.

Ifølge dispensasjonen kunne hengaren vege 35,5 tonn, men var nesten 45. Det er dette sjåføren har fått gebyr for.

– Er dette uthenging frå Vegvesenet si side?

– Nei. Vi har informert om ei sak vi meinte det var verdt å fortelje noko om. Vegvesenet har ikkje som intensjon å henge ut folk. Vi konstaterer fakta, men så har det vore nokre misforståingar når det gjeld omgrepa rundt totalvekt, seier Presttun.

Når ein køyrer spesialtransport har ein eit særskilt ansvar som transportør med å halde seg innanfor dei gitte rammene og sørge for at køyretøyet er i best mogleg teknisk tilstand.

Tommy Alsaker, seksjonsleiar for køyretøy i Vegvesenet region vest

– Alvorleg hending

Tommy Alsaker
Foto: Helge Rong / Statens vegvesen

Tommy Alsaker, seksjonsleiar for køyretøy i region vest, vedgår at ein glipp gjorde at det blei gitt feil informasjon.

– Det var snakk om to dekk og ikkje fire. Vi har fokus på å dele kontrollresultat med media, og på lik linje med andre kontrollar informerte vi om denne saka.

– Vi ser på overlast og dårlege dekk som eit svært alvorleg. Denne type transportar er i utgangspunktet ei krevjande sak med høg kritikalitet, seier Alsaker og understrekar at Vegvesenet har stort fokus på spesialtransportar.