Hopp til innhold

Vogntoget blir fjerna – ikkje sak

Det førarlause vogntoget som begynte å trilla, og enda på kanten av ein mur rett over Fysakhallen i Bergen skal vera fjerna om nokre få minutt. Det blir ikkje oppretta sak mot sjåføren, som forklarte at han hadde høyrt kveselydar då han festa på ein hengar. Desse lydane kom truleg frå ein luftbrems, og no skal køyretøyet inn til undersøking.