Hopp til innhold

Her ligg lastebilen midt i raset

Berre flaks gjorde at ingen menneskeliv gjekk tapt då eit digert steinras gjekk på E16 onsdag føremiddag. Statens vegvesen er redd det vil gå fleire ras på staden.

ras E16

DRAMATISK: Eit vogntog på 22 meter var på veg til Voss då det blei treft av svære steinar som kom ned frå fjellsida. Føraren vart ikkje alvorleg skadd i hendinga.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Politiet fekk melding om eit stort steinras mellom Hyvingstunnelen og Kluftafjelltunnelen på E16 i Voss kommune klokka 09.20.

– Mannskap på staden beskriv dette som eit svært stort ras, men ein høgde på 5 meter og med ein breidde på mellom 50 og 60 meter, seier Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Raset skal vera nesten 100 meter langt, ifølge brannvesenet.

– Eit vogntog blei tatt av raset, men føraren har kome seg ut og har moderate skadar, ifølge Samsonsen.

Helikopterbilder fra rasområdet på E16 ved Bolstad

OMFATTANDE: Brannvesen og politi gjer no søk for å sikra at ikkje fleire personar er tatt av raset som gjekk ved Hyvingstunnelen på E16 i dag. Sjå området frå lufta.

Lastebilsjåføren er frå Asko Vest, og transportsjef Eirik Berge Larsen i selskapet har snakka med sjåføren på telefon.

– Han er fysisk uskadd, men veldig prega av hendinga. Han opplevde raset som kjempedramatisk. Han fekk ikkje opp dørene på lastebilen, seier Berge Larsen.

Gjennomfører søk i rasområdet

Politi og brannvesen har sendt dykkarar, båt og drone til staden for å vera heilt sikre på at ingen andre er tatt av raset.

Utrykning til ras på E16
Foto: Mats Grimsæth

– Sidan raset er så stort som det er må me ta høgde for at fleire kan vera tatt, men per no er det ingen som er sakna, seier Samsonsen.

Like etter klokka 13.00 seier politiet at dei er rimeleg sikre på at ikkje fleire er tatt av raset.

Det er meldt om at det framleis kjem mindre stein ned får fjellsida.

Hyvingstunnelen

Kan komma til å rasa meir

Statens vegvesen seier det er mykje lausmassar i fjellsida, og er redd det kan koma fleire ras.

– Det skal inn eit klatrelag som skal sjå på situasjonen inne i rasområdet. Det er mogleg det heng noko opp i lia som står i fare for å rasa ned, seier byggeleiar Bente Bergstø. Dei arbeidar med å få oversikt over situasjonen.

Frank Listøl

Frank Listøl i Vest politidistrikt er innsatsleiar på staden.

Foto: KJETIL RYDLAND / NRK

– Førebels er det for tidleg å seie noko om bakgrunnen for raset, omfanget, og kor lenge vegen blir stengd.

Stor trafikk på omkøyringsveg

E16 er stengt mellom Trollkonetunnelen og Hyvingstunnelen. Det er også stengt ved Dalseidtunnelen. Der er det manuell dirigering.

Tilrådd omkøyringsveg er fylkesveg 7. Personbilar kan også køyra om Hamlagrø og via Vaksdal og Eksingedalen.

– Denne vegen har dårlegare standard, seier Bergstø.

Statens vegvesen melder om mykje trafikk på fylkesveg 7, og har sendt ut folk for å dirigera trafikken på dei smale punkta mellom Øystese og Granvin.

Bergensbanen var stengt mellom Dale og Voss på grunn av raset, men vart like før klokka 12.00 opna att.

Frank Liestøl politiet, ved Bolstad raset

Sjå intervju med innsatsleiar på staden, Frank Listøl.

Laster Twitter-innhold