Hopp til innhold

– Vi tenkte ikkje at vi skulle bli så store

Grafikkselskapet Vizrt vart selt for over 2 milliardar kroner denne veka. Med base i heimbyen held bergensbedrifta fram den globale satsinga.

Petter Ole Jacobsen vitja NRK Vestlandsrevyen fredag 14. november.

SJÅ REPORTASJE OG INTERVJU: Utviklingssjef Petter Ole Jacobsen i grafikkselskapet Vizrt vitja NRK Vestlandsrevyen fredag 14. november. Sjå intervjuet og sjå reportasjen om korleis selskapet jobbar.

– Vi kjem til å vekse og vi kjem til å bli fleire tilsette. Og hovudkontoret vil halda fram med å vera her i Bergen.

Det bekrefta utviklingssjef Petter Ole Jacobsen i Vizrt då han vitja NRK Vestlandsrevyen fredag. Kor mange fleire selskapet vil bli veit han førebels ikkje. Men det er liten tvil om at det går rette vegen for selskapet som i dag har 550 tilsette på 40 kontor over heile verda.

Det svenske oppkjøpsfondet Nordic Capital klaska 2,5 milliardar kroner i bordet og kjøpte opp Vizrt tidlegare denne veka. Samstundes blir selskapet tatt av børsen.

– Ikkje planlagd

Den store suksessen selskapet har hatt sidan dei etablerte seg i 1997, har kome noko overraskande på utviklingssjef Jacobsen.

– Alt vi tenkte på då vi starta opp, var å lage god grafikk for TV2. Men så dukkar det opp utanlandske tv-stasjonar som også ville ha. Etter kvart byrja berre ballen å rulle. Det var ikkje planlagd at vi skulle bli så store.

På kundelista har grafikkbautaen fleire store tv-stasjonar som CNN, Sky, Fox og Al Jazeera, samt TV2 og NRK her heime. Dei som er glad i fotball på TV har gjerne merka seg den rivande utviklinga innan grafikk dei siste år. Også der har Vizrt vore sentrale.

Namnet vart til på bar

Petter Ole Jacobsen kan også avsløra at selskapet eigentleg skulle ha eit anna namn.

– Men når sjefane presenterte namnet til dei tilsette, så kasta dei tomatar på oss, ler Jacobsen, og fortel at dei fekk dårleg tid på å komme med eit nytt.

– Vi hamna på baren Bristol og då kom namnet til slutt.

Vizrt er ei forkorting for «Visualization in Real Time». Jacobsen seier det er ei underleg kjensle å ha grafikk som vert nytta av dei største tv-stasjonane i verda.

– Når det amerikanske valet går, så følgjer store delar av verdas befolkning med. Og dei ser det gjennom vår grafikk, smiler Jacobsen.