Den unge kvinna er eit av dei sentrale vitna for påtalemakta, i rettssaka som startar i morgon. Ungdommane hadde med seg slagvåpen og raserte leiligheten hennar før politiet pågreip dei. Kvinna blei behandla ved legevakta, men var ikkje alvorleg skadd.
Blei truga
Kvinna blei forsøkt truga til å endre vitnemålet sitt i Åsanedrapssaka. Det stadfestar kriminalsjef i Bergen Politidistrikt, Svein Krogvold. Ein av de fire ungdommane som angrep vitnet er søster av mannen politiet trur er hovudmannen bak drapet på Nordsjøarbeider Øyvind Bjarte Madsen.
Får politivern
Kvinna er ikkje det første vitnet i denne saka som blir truga. Fleire av vitna får no vern av politiet, mellom anna med voldsalarm. Dei fire blir framstilt for varetekstsfengsling tirsdag ettermiddag.