Hopp til innhold

Vitne om dødsulukka i Bergen: – Bilen flaug som eit prosjektil over vegen

Ein ung mann er død etter ulukka i Åsane i Bergen. – Ei stor påkjenning å vera innblanda i ei slik tragisk ulukke, seier forsvarar til 17-åring som sprang frå staden.

Dødsulykke i Åsane leserbilde

DØDSULUKKE: Ein ung mann blei erklært død på staden då ein bil med seks personar kolliderte på Ervikveien nord i Bergen. To andre blei hardt skadde, medan tre personar stakk frå staden.

Foto: 03030-tipser

Rundt klokka 22 sundag kveld køyrde ein bil med seks personar av vegen på Ervikveien i Åsane i Bergen.

Ein ung mann blei erklært død på staden. To andre, ein mann og ei kvinne, blei frakta til sjukehus med alvorlege skader, medan tre andre stakk frå staden.

Dei er no sikta for ikkje å ha hjelpt dei som blei skadde. Alle dei involverte er mellom 17 og 21 år.

Blomster ved ulykkesstedet på Ervikveien

BLOMAR: Det er lagt ned blomar ved steinblokka bilen trefte då den køyrde av vegen. I samanstøyten døydde ein ung mann.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Bilen flaug over vegen

Vegard Sletten var blant dei første som kom til etter ulukka. Då hadde personane i dei to bilane framfor han vore vitne til kollisjonen, som ifølge politiet skal ha skjedd i høg fart.

Sletten snakka med eit eldre ektepar som hadde vore vitne til ulukka.

– Dei var veldig oppskaka, og fortalde at det hadde kome ein bil med svært høg fart bakfrå. I det bilen la seg ut og skulle køyra forbi, mista bilen grepet på vegen og skjena ut til venstre.

Deretter trefte bilen ei steinblokk på oppsida av vegen, før den hamna i betongveggen på motsett side.

– Vitnet fortalde at bilen trefte steinen momentant og flaug som eit prosjektil over vegen, seier Sletten.

Dødsulykke Tertnes

KØYRDE UT: Her skjena bilen av vegen og kolliderte med ei steinblokk på oppsida av vegen. Bilen hamna deretter på motsett side, til høgre i biletet.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

– Forsøkte å stansa tre personar

Sletten køyrde den tredje bilen som kom til ulukkesstaden. Han trur det då hadde gått nokre minutt sidan ulukka skjedde.

Han kom til åstaden omtrent samstundes som naudetatane. Dei byrja straks med livreddande behandling av ein person som låg i vegen. To personar sat fastklemde inne i bilen.

– Eg forstod med ein gong at dette var alvorleg.

Ifølge augevitnet Sletten snakka med, hoppa tre personar ut av køyretøyet like etter kollisjonen. Den eldre mannen skal ha forsøkt å stansa dei då dei la på sprang.

Forsvararen til 17-åring: – Ei stor påkjenning

Måndag ettermiddag skal dei tre sikta etter planen avhøyrast. Dei blei skrivne ut av sjukehuset måndag føremiddag.

Dei tre blei funne av politiet i gangavstand frå ulukkesstaden, natt til måndag.

Thorbjørn K. Sognefest forsvarar ein 17-åring som er sikta.

Torbjørn Kolås Sognefest

FORSVARAR: Torbjørn Kolås Sognefest representerer ein 17-åring som no er sikta for ikkje å ha hjelpt dei skadde. – Det er ei stor påkjenning.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– I lys av at min klient berre er sytten år, er det ei stor påkjenning å vera innblanda i ei ulukke med eit slikt tragisk utfall. Utover det har eg ikkje anna merknad enn at politiet må få tid til å søka, samla og sikra spor slik at ein får kartlagd kva som har hendt, seier Sognefest til NRK.

Ifølge politiet er høg fart og manglande sikring blant årsakene til at ulukka fekk så fatale konsekvensar. Bremsespor i vegbana og knuste deler frå bilen tyder på at bilen har fått hard medfart før den hamna i betongmuren.

Politiadvokat Arntsen sa til NRK måndag at politiet ikkje veit kven som køyrde bilen.

Både kriminalteknisk seksjon hjå politiet og Statens vegvesen si ulukkesgruppe har gjort undersøkingar på åstaden.