Hopp til innhold

Grunneigar såg tre menn med ein presenning kort tid før drapsfunnet

ARNA (NRK): Kring ein time før turgåarar varsla om funn av blodige gjenstandar ved foten av Gullfjellet, har eit vitne sett tre menn med bil og ein presenning fleire kilometer unna.

Område i Arna bydel

SÅG TRE MENN: Vitneobservasjonar kan tyda på at gjerningspersonane har forsøkt å kvitta seg med ein presenning lenger nede i Langedalen. Dalen ligg berre nokre kilometer frå funnstaden ved Osavatnet, som ligg i fjellområdet bakerst i bilete.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Dobbeltdrapssaka i Arna har oppteke store delar av bergenspolitiet heile denne veka. Etterforskinga starta måndag 13. januar.

Turgåarar ringde politiet i 12.00-tida og varsla om funn av blodige gjenstandar i ei elv ved Osavatnet. Då politiet kom til det populære turområdet i Bergen, fann dei to personar drepne.

Fredag kveld bekrefta politiet at dei trur dei avdøde vart drepne i eit hospits i Møllendalsveien i Bergen sentrum, før dei vart frakta til foten av Gullfjellet og dumpa i den vesle elva.

Påtaleleiar Inger-Lise Høyland seier politiet har fått inn rundt 80 tips i saka.

– Fleire av dei er av stor interesse. Men me ber framleis om tips, sa Høyland under pressekonferansen fredag.

No kan NRK fortelje at eit sentralt vitne måndag kan ha sett gjerningsmennene, i det dei forsøkte å kvitta seg med mellom anna ein presenning på ein heilt annan stad i Arna.

Osavatn onsdag

FUNNSTAD: To personar vart funne drepne i ei elv ved Osavatnet i Arna. Vitneobservasjonar kan tyda på at gjerningspersonane først har forsøkt å kvitta seg med noko fleire kilometer unna.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Ba tre menn om å komme seg vekk

Observasjonen skjedde i Langedalen, som ligg fleire kilometer vest for funnstaden. Dalen ligg avsides til, med spreidd busetnad og mange gardsbruk.

Ein bil kom inn på eigedomen til ein grunneigar i dalen.

Vedkommande såg tre menn kome ut av bilen. Dei hadde med seg ein presenning. Vitnet bad dei tre kome seg vekk frå eigedommen, noko dei også gjorde.

NRK får opplyst at bilen køyrde frå Langedalen kring ein time før politiet fekk tips frå turgåarar om blodige gjenstandar ved Osavatnet på andre sida av Arnadalen.

Då politiet kom fram til staden, fann dei etter kort tid ei død kvinne og seinare ein død mann. Ifølgje VG og BT låg dei under ein presenning då dei vart funne.

NRK har snakka med vitnet i Langedalen. Vedkommande vil ikkje intervjuast om opplevinga, men bekreftar at all informasjon er gitt til politiet.

Vedkommane kan altså anten ha sett gjerningsperssonane kome frå Osavatnet for å kvitte seg med fleire ting, eller så har vitnet stoppa gjerningspersonane frå å dumpe drapsoffera på ein anna stad.

– Eg kan ikkje kommentere kva observasjonar vi har fått inn. Vi har fått ei rekkje viktige tips i saka og set stor pris på det vi har fått frå publikum, sa Høyland då NRK spurde om observasjonen torsdag ettermiddag.

Langedalen i Arna

LANGEDALEN: I dette området i Langedalen, berre nokre få kilometer frå det kommunale bustadkompekset i Lonemarka, observerte ein grunneigar tre menn som forsøkte å dumpa bossekkar og ein presenning. Observasjonen skjedde før turgåarar fann dei to drepne ved Osavatnet.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Fire personar drapssikta

Politiet har så langt ikkje ville sagt noko om når dei trur drapa har skjedd og kor lenge dei avdøde har lege der dei vart funne.

– Vi har ein klar indikasjon på kor lenge dei har lege i terrenget ved Osavatn, sa politiadvokat Inger-Lise Høyland til NRK tysdag, noko som kan tyde på at observasjonen i Langedalen har vore viktig for etterforskinga.

Klokka 22.00 måndag kveld fortalde politiet at to personar var arresterte i saka.

Dei var begge sikta for drap eller medverknad til drap. Den viktige vitneobservasjonen kan vera med å forklare kvifor politiet så tidleg kunne gå til arrestasjon i saka.

Tysdag vart ein tredje person arrestert og sikta for det same. Som NRK skreiv torsdag, meiner politiet at 33-åringen var med i bilen som frakta dei avdøde til elva ved Osavatn.

Fredag vart ein fjerde person arrestert og sikta for drap eller medverknad.

Drapene i Gullfjellsvegen. Tore Salvesen og Inger-Lise Høyland

ORIENTERTE PRESSEN: Tore Salvesen og Inger-Lise Høyland i bergenspolitiet har hatt fleire pressekonferansar om drapet denne veka. Måndag fortalde dei om funnet av to døde personar og seinare på kvelden var to personar pågripne.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Stor etterforsking

Politiet har gjort undersøkingar på fleire stader i Bergen denne veka. Aller mest aktive har politiet vore på eit hospits i Møllendalsveien. Fredag stadfesta politiet at det er her dei trur den drepne mannen og kvinna blei tatt av dage.

Også ved eit kommunalt butiltak på Lone i Arna har krimteknikarar jobba denne veka. Den kommunale bustadblokka ligg i kort avstand frå Langedalen, der grunneigarane måndag morgon kom over dei tre personane.

NRK har tidlegare skrive om observasjonar av mistenkelege bilar ved Gullfjellsvegen kvelden før drapsfunnet, men politiet har ikkje kommentert om bilane er ein del av etterforskinga.

NRK informerer: Då saka først vart publisert, skreiv NRK at observasjonen i Langedalen skjedde måndag morgon. Saka er blitt oppdatert med eit meir konkret tidsvindauge for vitneobservasjonen.

STOR SAK: Etterforskinga av dobbeltdrapet i Bergen er omfattande. Politiet meiner drapet har skjedd i Møllendalsveien i Bergen sentrum, eit hospits for rusavhengige. Deretter skal dei ha blitt dumpa på funnstaden ved Gullfjellsvegen.