Hopp til innhold

Slik vil dei ta Nygårdsparken tilbake

Stor leikeplass, høgt utsiktstårn og kafé. Slik vil kommunen ha det i Nygårdsparken.

Nygårdsparken i Bergen

VIL TA PARKEN TILBAKE: Kommunen presenterte i dag noko av det dei ser for seg når Nygårdsparken skal pussast opp.

Foto: Ingvil Aaen Torpe / NRK

Dag Inge Ulstein

VISER FRAM PLANANE: Sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF).

Foto: NRK

Bergen kommune viser i dag fram korleis dei ser for seg at Nygårdsparken kan bli om nokre år. I slutten av august stengjer kommunen parken for å pussa den opp. Samstundes kastar dei ut ei av Nord-Europas største russcener.

– Det er heilt uaktuelt at miljøet kjem attende etter at opprustinga er ferdig, sa sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) då dei lanserte stenginga i september i haust.

Utsiktstårn og kafé

Og i dag presenterer Bergen kommune kva planar dei har for den «nye»Nygårdsparken. På oppdrag frå kommunen har landskapsarkitektar undersøkt muligheitene parken gir. Målet er å gjera parken meir attraktiv for heile Bergens befolkning.

Resultatet av undersøkinga syner at dei har store planar for korleis ein kan gje heile parken nytt liv. Det inkluderer den øvre delen som i mange år har vore okkupert av tunge rusmisbrukarar.

Her føreslår dei mellom anna å byggja eit spenstig utsiktstårn på det høgste punktet i parken. Ein ny stor leikeplass vil også bli bygd, slik at familiar og barn kan ta i bruk parken. Kommunen ser også for seg ein paviljong med ein liten kafé med stor uteplass.

Artikkelen held fram under biletet

Kart Nye Nygårdsparken

ØVRE DEL: Kart over korleis ein ser for seg øvre del av Nygårdsparken.

Foto: Smevig Landskapsarkitekter

Flyttar inngang

Til stades på presentasjonen var også representantar frå Universitetet i Bergen. Dei har fleire bygg som ligg kloss i parken.

Eit av dei er realfagsbygget. No ønskjer UiB og kommunen å flytta inngangen frå Allègaten til baksida av bygget, mot Nygårdsparken.

Kommunen opplyser at mange bergensarar har kome med idear til kva som bør gjerast i Nygårdsparken, og seier at dei vil halda fram med å invitera til fleire innspel i prosessen vidare.

Opprettar MO-senter

Til stenginga i august har kommunen gjort klart eit program med sju punkt. Mottaks- og oppfølgingssenter (MO) på Nesttun og Wergeland har av mange vore rekna for å vera viktig for å ta hand om dei narkomane som ikkje lenger kan vera i parken.

Planane har møtt motstand frå dei som bur i nærleiken av dei komande MO-sentera.

Monstasje ideer Nygårdsparken
Foto: Smevig Landskapsarkitekter