Vinterkaos på Vestlandet: Snøfall rammar flypassasjerar og sender bilar i grøfta

Snøfall på Vestlandet gir store forseinkingar i flytrafikken og svært vanskelege køyreforhold. – Me får meldingar om glatte fylkesvegar på heile Vestlandet, melder Vegtrafikksentralen.

Buss i grøfta på Sakseidveien på Bømlo

AV VEGEN: Ein buss har køyrd av vegen på Bømlo i Hordaland. Det er glatt fleire stader på Vestlandet.

Foto: 03030-tipser

Politiet melder om mange utforkøyringar og kollisjonar på Vestlandet tysdag morgon. Det er meldt om glatte vegar fleire stader og politiet ber trafikantar ta det med ro.

På Askøy har bilar hamna i grøfta og på Bømlo har ein buss velta. I Vanylven sperrar ein utanlandsk trailer fylkesveg 61 etter ei utforkøyring.

– Fleire bilar ligg strødd langs Sakseidveien på Bømlo. Ein buss har køyrd av vegen, melder ein 03030-tipsar til NRK.

Utforkøyring lastebil Vanylven

UTFOR: Ein trailer køyrde av vegen i Vanylven tysdag morgon.

Foto: Vidar Parr / Synste Møre

Gir ringverknader i flytrafikken

Flytrafikken på Flesland blei fullstendig lamma i morgontimane etter at det hadde snødd tungt i fleire timar.

– Problemet er å få snømengdene bort frå rullebana. Mannskapa har jobba i heile natt, men me håpar no å opna snart, sa operativ sjef Øystein Skaar i Avinor Flesland like før klokka 08.

Han opplyser at stansen i all trafikk i morgontimane fører til forseinkingar utover føremiddagen. Klokka 10.30 er fleire avgangar forseinkinga med opp mot halvannan time.

«Forsinkelsene i morgentimene gir ringvirkninger og forsinkelser på noen flyavganger og -ankomster fortsatt. Skal du ut og fly ber vi deg følge informasjon fra ditt flyselskap», skriv Avinor i ei oppdatering.

Vegtrafikksentralen i Bergen får inn meldingar om glatte vegar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

I Møre og Romsdal har fleire trailarar køyrd seg fast eller køyrd av vegen i morgontimane.

– Problema er på dei mindre vegane, som oftast fylkesvegane. Enkelte stader har det kome snø, andre stader har det frose på. Uansett er det glatte køyreforhold fleire stader. På dei større vegane går det forholdsvis bra, seier trafikkoperatør Kjetil Løvås.

Bil står i kø i retning Bergen sentrum

KØ: Bilar ventar i kø etter eit trafikkuhell i Damsgårdstunnelen i Bergen.

Foto: Astrid Rommetveit / NRK

Ber folk om å setta av meir tid

Men også i byane går det seinare enn vanleg. Trafikkuhell i Damsgårdstunnelen og på innfartsårene frå sør og vest har gitt meir køar enn vanleg.

– Vêrforholda skapar litt forseinkingar, så folk må rekna med å venta litt på vegane.

Spesielt i områda rundt Førde får vegtrafikksentralen inn meldingar om glatte vegar som følger av nedbør.

Folk blir oppmoda til å rekna noko meir tid på slike dagar som i dag.

– Dette har kome i løpet av natta og morgontimane. Ser ut til å regna vekk etter kvart, noko som i det minste vil gi betre køyreforhold.