Vindmøller kan redda kommunen etter samanslåingsnekt

FITJAR (NRK): Dei held til på same øy, men veslebror nektar å leike. No slit kommunen økonomisk. – Det blir feil å straffe småkommunar for å tvinge dei saman, meiner Arbeidarpartiet.

Vindkraftanlegget på Midtfjellet, Fitjar

REDNINGA: Vindkraftanlegget på Midtfjellet reddar kommuneøkonomien til Fitjar. Men fleire vindturbinar vil ikkje lokalpolitikarane ha.

Foto: Siri Løken

Ei øy, men framleis to kommunar.

Ved nyttår går talet på kommunar i Noreg frå 428 til 354. Elleve av samanslåingane skjer med bruk av tvang. Regjeringa varsla tidleg at det ville bety tapte inntekter for kommunar som ikkje ville slå seg saman.

I 2016 var det folkerøysting i Stord og Fitjar om kommunane skulle slå seg saman. Stordabuen var positiv, men i Fitjar blei samanslåinga stemt ned.

Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat Kjell Nesbø står framleis på neisida.

– Eg meiner at det ikkje er så mykje å hente på å slå seg saman med Stord slik situasjonen er i dag.

Men samstundes tapar Fitjar kommune pengar på å stå aleine.

– Nett no er situasjonen sånn, men eg trur at dei som styrar vil sjå at det er feil å straffe småkommunar ved å nærmast tvinge dei i saman. Det er heilt feil, seier han.

Stord, derimot, får ein årleg kompensasjon frå regjeringa fordi Fitjar sa nei.

Fitjarordførar Wenche Tislevoll utanfor Selevik skule

VANSKELEG: Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) kjempa for samanslåing i 2016. Ho meiner Fitjar ville hatt det betre økonomisk om dei hadde slått seg saman med Stord.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Trudde på større kommune

Ein av dei som kjempa for ei samanslåing var Høgre-ordførar Wenche Tislevoll.

Å gå saman med Stord var einaste måte å redde krinsskulane i bygda på, argumenterte ho mellom anna med. Dei hadde ho sikra i intensjonsavtalen med Stord kommune.

Skulane ser ut til å vere redda i komande periode, men Tislevoll ser andre resultat av at ho ikkje vann fram.

– Det har fått ein del økonomiske konsekvensar. Vi har gått ned i inntekt. Det økonomiske er meir krevjande enn det hadde vore med ei kommunesamanslåing, seier Tislevoll.

Ho meinte det ville tene Fitjar at kommunen blei større, og det gjer ho enno.

– Eg trur den nye Stord-kommunen hadde gitt oss nokre mogelegheiter, mogelegheiter som vi ikkje har no.

Redda av vindkraft

Før valdagen må politikarane i kommunen forklare veljarane korleis dei vil redde økonomien til Fitjar kommune.

Ei løysing er å auke eigedomsskatten, men det er det berre KrF som er litt positive til i NRKs valomat. Senterpartiet vil halde eigedomsskatten på dagens nivå.

– Me må snu på kvar ein stein framover, men inntektene frå vindmølleparken ligg jo der, seier Arbeidarpartiets ordførarkandidat Kjell Nesbø.

Kommunen blir nemleg redda av at dei allereie har inntekter frå vindkraft.

Vindturbinane som ruvar på fjellet i kommunen gir rundt 20 millionar kroner i verdiskaping til lokalsamfunnet i året, viser eit reknestykke frå den noverande ordføraren. Av det er 11 millionar skatteinntekter.

– Eg kan ikkje tenkje meg korleis det hadde vore utan ekstrainntektene frå vindkraft, seier Tislevoll, som ikkje stiller til attval.

Men fleire vindmølleparkar seier partia samrøystes nei til.

Valgdebatt Fitjar

TRONGT: Toppkandidatane i Fitjar veit at økonomien blir ei hovudutfordring dei neste fire åra. tysdag møttest dei til direktesend NRK-debatt.

Foto: NRK

Seier framleis nei

Sjølv om det er krevjande å stå åleine, er det ingen av partia som vil slå seg saman med Stord med det fyrste.

Ordførar Tislevoll er ikkje sikker på at det held i lengda.

– Trur du at Fitjar vil stå aleine dei neste fire åra?

– Ja, det trur eg. Men eg er ikkje sikker viss ein ser ti år fram i tid. Då trur eg det blir med tvang i tilfelle.