NRK Meny
Normal

Vindmølle forsvann i uveret

Vindmølla blei opna med næringsministeren tilstades i sommar. No er ho sporlaust vekke.

Video Vindmølle forsvunne i uveret

SJÅ VIDEO: Blei opna i sommar, men no er vindmølla forsvunne.

Vindkraft

MINISTER: Næringsminister Trond Giske (Ap) deltok under opninga av anlegget.

Foto: Trygve Hellestræ

Det var lokalavisa Vestnytt som først melde om den sakna vindmølla i Øygarden i ettermiddag.

Skal ut og leita

– Vi har nettopp fått melding om at den er borte. Vi skal ut og sjå etter den no, seier Michal Forland i selskapet Sway, som står bak prosjektet, til avisa.

Forland stadfestar dette overfor NRK, og seier vindmølla har ein sikkerheitsmekanisme som gjer at ho skal legga seg ned på botnen viss noko skjer.

Årsaka til forsvinningsnummeret er truleg det voldsomme uveret dei siste dagane, som har ramma Hjeltefjorden hardt.

Seinare på kvelden seier direktør Michal Forland at han og fleire andre frå selskapet er i området for å undersøkja saka nærare.

Men Forland seier han ikkje har tid til å svara på spørsmål frå NRK.

Han seier det vil koma ei pressemelding om saka seinare i kveld.

Les og: Storsatsing på fornybar energi

Ny type vindmølle

Vindmølla er ein testversjon av ein ny type vindmøller til havs. Anlegget i Øygarden er det første i sitt slag i Norge, og målet er at det skal gje meir lønnsam straumproduksjon enn andre typar møller.

- Dette er jo ein fantastisk måte å kombinere verdiskaping og miljø. Vi veit at Europa treng masse fornybar energi i åra som kjem, og vind er noko vi har mykje av. Det er ein evigvarande ressurs, sa Trond Giske til NRK då han var med på opninga av anlegget.

Pilotmølla i Hjeltefjorden har fått støtte både frå Forskingsrådet og Innovasjon Norge.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2