Hopp til innhold

Mann treft i hovudet av stålplater - entreprenøren varslar gjennomgang

Entreprenøren bak nytt sjukehusbygg skal granska arbeidet som er gjort. Deler av eit overtak losna i den kraftige vinden.

Tak blåste av på Haraldsplass

TOK TAK: Kraftig vindkast i Bergen fredag kveld tok med seg deler av taket på eit tilbygg på det nye sjukehusbygget på Haraldsplass.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Vedkomande har fått eit kutt i hovudet og er sendt til legevakta. Han blir rekna som lettare skadd, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i politiet.

Alle naudetatane rykte ut til Haraldsplass diakonale sjukehus like før 21.30 fredag kveld etter at vinden tok tak i deler av taket på eit tilbygg.

Om lag 100 kvardratmeter med stålplatehimlingar losna frå det nye sjukehusbygget. Fleire metallplater blei sendt av garde i kraftige vindkast, melder politiet.

Vind tok med seg tak ved Haraldsplass

TREFTE PERSON: Deler av taket på ein svalgang mellom det nye og det gamle bygget blei riven av og trefte ein forbipasserande. Personen fekk kutt i hovudet.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Losna frå nytt sjukehus

Mannen som blei treft blei frakta til legevakt. Han skal vera i forholdsvis fin form. Han hadde også smerter i ei hand då han blei frakta til legevakta.

– Det er ikkje umiddelbar fare for at andre lause gjenstandar kan bli tatt med vinden. Når patruljen får gjort undersøkingar, skal ein patrulje ta ein prat med den skadde, seier Rebnord til NRK.

Metallplatene utgjer deler av eit tak på ein svalgang mellom det nye og det gamle bygget på området til Haraldsplass diakonale sjukehus. Sjukehuset er under utbygging, og opninga er planlagd i løpet av oktober.

Bygget er nyleg reist, og står tomt før opning av det nye sjukehuset.

Til Bergens Tidende opplyser innsatsleiar på staden, Ivar Kant, at taket var ferdig og klart til bruk.

– Dette var ingen byggeplass. Slik sett var det kanskje betre at dette skjedde no, og ikkje etter at bygget hadde opna for pasientar.

Tak blåste av på haraldsplass

Taket som

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Entreprenøren varslar full gjennomgang

Ifølge kommunikasjonssjef Ingrid Lovise Færøyvik har Haraldsplass sett full beredskap.

– Både huseigar, entreprenør og sjukehuset jobbar med å få oversikt over kva som har skjedd, seier ho til NRK.

Det er LAB som er hovudentreprenør på byggprosjektet. Administrerande direktør Gard Kvalheim opplyser til NRK det er om lag 100 kvadratmeter stålplatehimlingar som har blæse ned.

Selskapet har fleire representantar på plass ved bygget i natt. Kvalheim seier det er for tidleg å seia kva som har skjedd.

– Når det er trygt å ferdast i området, vil me systematisk ta ned resten av himlingane. Så vil dei måtte byggast opp igjen.

Entreprenøren vil deretter ha ein full gjennomgang av ulukka. Det er ein underentreprenør som står bak arbeidet som fredag kveld gav etter.

– Det er lokale vêrtilhøve her som er til dels kraftige. Difor vil me gå gjennom dimensjoneringsgrunnlaget, berekningane og utføringa av arbeidet i ettertid for å sikra oss at dette ikkje kan skje igjen.

– Betyr det at de ikkje er trygge på at himlingane er dimensjonerte for lokalt kraftig vind?

– Jo, alt er dimensjonert etter dei krav som er stilt. Men det er ein del lokale variasjonar med sug og trykk når vinden kjem rundt hushjørner. Det skal det vera tatt omsyn til, seier Kvalheim, som seier selskapet vil laga ein rapport på hendinga.

– Vore der i heile natt

– Mannskapa har vore på plassen i heile natt. Dei jobba til rundt klokka 02 for å sikre det som hadde blese ned og det som var att, seier Kvalheim laurdag morgon.

I tillegg har det vore vakthald gjennom natta.

– Planen no er å ta alt ned for å byggje det opp att.

Varsla full storm

Det var varsla kraftige vindkast i Bergen fredag kveld.

– Det er venta vindkast på rundt 20–25 meter i sekundet. Det er mykje til å vera i sentrum, seier statsmeteorolog, Aslaug Skålevik Valved fredag ettermiddagen.

Vinden vil minka utpå morgonen, men ta seg opp igjen laurdag ettermiddag. I tillegg er det meldt kraftig og mykje regn.