NRK Meny

Vinden reiv av tak på Minde

Brannvesenet melder at eit tak er teke av vinden på Minde. Ifølgje brannvakta i Hordaland er det eit butikklokale i Minde Allé som har mista taket, Varme AS. Brannvesenet er på staden, seier brannvakt, Håkon Myking.

Det er ifølgje Myking ikkje meldt nokon skader. BKK er på veg då det er ein del elektriske leidningar som har losna.

– Det er ein stor del av taket som har blåst av, dei som er på staden har tilkalla fleire folk, og dei er på veg, seier Myking.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Annika Beinnes synger Solveigs sang i båten "Babben"