Hopp til innhold

Vinden lagar vanskar i Bergen

Kraftig vind laga problem i Bergen torsdag. C. Sundts gate i sentrum var sperra i fleire timar fordi eit stillas løsna.

stillas
Foto: NRK

Stillaset var i ferd å ramle ned. Difor valde politiet å stengje C. Sundts gate ved nummer 57.

Trafikken vart i staden dirigert via Strandgaten.

Rundt klokka 18.30 torsdag kveld var stillaset festa etter føreskriftene og C. Sundt open att for vanleg trafikk.

Måtte vente med opninga

Den kraftige vinden gjorde også at Ulriksbanen venta med å nokre timar med starte opp att i ettermiddag, men litt over klokka 17 var drifta av bana i gang att.

På R541 i Hordaland vart i tillegg fergesambandet Buavåg-Langevåg innstilt på grunn av sterk vind i området.

Ifølge HSD gjekk sambandet som normalt att frå klokka 17.00 torsdag ettermiddag.