Vinden knekte tårn rett av - knuste brakkerigg

Kraftig vind førte til at eit 30–40 meter høgt heisetårn på CCB sitt anlegg på Ågotnes knekte tvert av og knuste brakkeriggen som låg under.

Heis veltet på CCB-basen på Ågotnes

KNEKT: Heistårnet tolte ikkje den kraftige vinden. Brakkeriggen under har fått store materielle skader.

Foto: Kurt R. Andreassen

Etter alt hell skal ingen personar ha vore i nærleiken då tårnet knekte og datt ned på brakkeriggen og skapte store materielle skader. Tårnet stod på CCB sitt anlegg på Ågotnes i Fjell kommune utanfor Bergen.

– Industrivernet vårt er i aksjon akkurat no, og vi har folk ute som gjer søk i område for å forvisse oss om at det ikkje var folk i området der denne skaden har skjedd, seier administrerande direktør i CCB, Kurt Rune Andreassen.

Ingen aktivitet i området

Heistårn knekte tvert av

INGEN SKADDE: Til alt hell skal det ikkje ha vore personar i nærleiken då tårnet fall, men det vert gjort søk i området for å vere heilt sikker.

Foto: Kurt R. Andreassen

Heistårnet med gittermast vert brukt til å få folk om bord i riggane som innimellom ligg til kai for vedlikehald. No var det ikkje riggprosjekt på gang og då stod heistårnet på kaia.

– Det er veldig tunge lodd nede så det har jo stått i ro, men det som har skjedd er at det har vore ein så stor vindbelastning at det har knekt tårnet som har rast ned på ein bygning som ligg rett ved sidan av, ein brakkerigg, seier Andreassen.

– Vi hadde ikkje aktivitet der no, og i brakkeriggen var ikkje i bruk. Den aktiviteten som var på kaia var også stoppa på grunn av vinden, seier han.

– Skal tole slik vindkraft

Andreassen er svært letta over at det ikkje var personar i området.

– Eg er veldig glad for at det ikkje har skjedd personskadar. No veit eg at det var ein person i ei brakke som ikkje ligg langt frå dette område, så det har vore ein potensiell fare i høve til det, fortel han.

Meteorologane har meld om liten til full storm i løpet av ettermiddagen, men trass i den sterke vinden hadde ikkje CCB-direktøren venta noko slikt.

– Det overraskar oss at dette tårnet har knekt, for det har vi hatt nokre år og det er bygd for å tole slike belastningar som denne vinden, så no må vi granske og finne ut kva som er årsaka til dette.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.