Hopp til innhold

Villreinen stenger likevel ikkje Hardangervidda

Store villreinflokkar nær riksveg 7 over Hardangervidda gjorde at Miljødirektoratet vurderte å stenge vegen. Men så snudde flokken nasen andre vegen.

Reinsdyr Hardangervidda

OBSERVERT NÆR VEGEN: Villrein vart på søndag sett ved riksveg 7 på Hardangervidda ved Nedre Bostjørn.

Foto: Ivar Arne Lid

SISTE: Hardangervidda blir likevel ikkje stengt, opplyser Miljødirektoratet. Ifølgje dei siste meldingane syner at dyra har trekt seg lenger vekk frå vegen, som blir verande open.

Villreinflokkar har dei siste dagane vore så nær riksveg 7 over Hardangervidda at vegen stod i fare for å bli stengt, slik den vart fleire dagar i fjor vinter, skriv avisa Hallingdølen.

Augevitnet Ivar Arne Lid på Geilo seier ein stor flokk var under ein kilometer frå vegen på søndag.

– Vi såg ein flokk som var svært nær riksveg 7, sikkert 800 meter for vegen. Det var i alle fall 1500 dyr i den flokken. I bakgrunnen nokre kilometer sør gjekk det og ein kjempe flokk, seier Lid.

Onsdag opplyser Miljødirektoratet om at vegen over Hardangervidda ikkje vil bli stengt likevel. Ifølgje dei siste meldingane har villreinen no trekt seg lenger vekk frå riksvegen.

Vegen hindrar villreinen

I mars i fjor var riksveg 7 stengt i fleire dagar for å hjelpe villreinflokkane å trekkje nordover til andre sida av vegen, difor forstår ikkje Lid kvifor vegen blir haldt open no.

– Det verkar veldig påfallande at dei ikkje stengjer vegen i år, i forhold til det dei gjorde i fjor då reinen var tre kilometer vekk. På søndag så var dei svært nær riksveg 7, seier Lid.

Hardangervidda stengt på grunn av reinsdyr

ALDRI BRUKT FØR: Det er seks år sidan Miljødirektoratet og Vegdirektoratet avtalte om å stengje Rv 7 når det er behov for å ta omsyn til villreinstamma. I fjor vart det gjort for fyrste gang.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Riksvegen er ein barriere som hindrar villreinen på Hardangervidda å følga sine nedarva trekkruter frå sør til nord, difor vil flokkane i periodar bli gåande å nøla før dei snur sørover igjen.

Regelen er derimot at om flokkar på over 500 dyr kjem nærare vegen enn tre kilometer kan Miljødirektoratet tilrå Vegdirektoratet å stengja vegen for trafikk – slik som i fjor.

Må ha folk ute i feltet

Seniorrådgjevar Erik Lund i Miljødirektoratet stadfestar at villreinen står nærare riksvegen no enn i fjor.

– Ja, det er nok riktig, og dyra er nærare vegen no etter nyttår enn den var i forbindelse med stenginga i fjor. Vi veit at det står dyr tre-fire kilometer unna vegen, men vi må ha folk ut i feltet før vi veit kor mange det er, seier Lund

– Det er vitneobservasjonar på at dyr har vore nærare enn ein kilometer, kva tenkjer du om det?

– Så langt vi veit så har vi ikkje observasjonar som tyder på det. Dei rundt 3000 dyra som no står sør for Hein, har ikkje vore så nær vegen og det er jo veldig flatt og opent i det området, så avstandsavgjerd er ikkje alltid like lett, seier Lund.

Ønskjer seg tunnel

– Einaste moglegheita er å stenga vegen for trafikk, meiner Lid som også er medlem av organisasjonen for å byggja ny riksveg 7 i tunnel under Hardangervidda.

– Dei må finne ei løysing for villrein på Hardangervidda, for dei er den siste av den europeiske villreinstamma, seier Lid.

Direktoratet meiner stenging kan vere særleg aktuelt denne vinteren fordi det er så mykje snø at villreinen kan kome til å trekke nordover meir enn vanleg for å finne nye beite.

– Vi vil nok vurdere det store delar av vinteren, sidan forholda er slik dei er. Vi følger med på situasjon og ser korleis utviklinga er, men avgjerd om stenging er det vegstyresmaktene som tar og ikkje vi, seier Lund.