NRK Meny
Normal

Ville stilla ut «Hamnesjefen» – men kroppen er borte

Naturhistorisk museum i Bergen fekk nedslåande svar då dei ville stilla ut svana for å vise konflikt mellom menneske og natur.

Havnesjefen

HAMNESJEFEN: Etter å ha patruljert hamnebassenget i Os sidan han slo seg ned i 2010, blei Hamnesjefen tatt av dage 3. august. Dagen etter blei han sendt til obduksjon.

Svana Hamnesjefen i Os i Hordaland har blitt landskjendis denne sommaren, etter at han vart bestemt avliva etter å ha angripe ei barnehagejente.

Universitetsmuseet i Bergen ville inkludera den landskjende knoppsvana i ei utstilling for å illustrera konfliktar som kan oppstå mellom natur og kultur.

Det var NyttiOs som første melde om saka.

Prosjektleiar Paul H. Amble ved Universitetsmuseet i Bergen kontakta torsdag Os kommune – dagen etter at fuglen blei avliva av viltvakta.

– Forholdet mellom dyr og menneske endrar seg. I dette tilfellet var Hamnesjefen eit døme på eit objekt som tydeleggjer ei grense, seier Amble til NRK.

Blei bedne om å sjå nærare på dyret

Landbrukssjef Øystein Svalheim ved Bjørnefjorden landbrukskontor stilte seg i utgangspunktet positiv til ideen. Men då førespurnaden kom var det allereie bestemt at svana skulle sendast til obduksjon ved Veterinærinstituttet i Oslo.

– Temaet om konflikt mellom menneske og dyr er veldig god. Eg bad museet ta kontakt med Veterinærinstituttet for å prøva å finna ei løysing, fortel Svalheim til NRK.

landbrukssjef Øystein Svalheim i Bjørnefjorden

LANDBRUKSSJEF: Øystein Svalheim er leiar ved Bjørnefjorden landbrukskontor, som i si tid vedtok fellingsløyvet på svana.

Foto: Mette Anthun / NRK

Etter ei lang sjukdomshistorie, fleire angrep mot menneske og tidlegare teoriar om at Hamnesjefen har vore blyforgifta, blei det bestemt å sjå nærare på innhaldet i dyret. Både Mattilsynet og Norsk Ornitologisk Forening kom med innspel om å senda svana til obduksjon.

Den avlidne svana blei difor sendt til Oslo allereie dagen etter nådestøyten.

– Når instituttet tar inn ville dyr til obduksjon, vil alt biologisk materiale bli destruert av sjukdomsomsyn. Det kan difor bli vanskeleg å få svana ut, seier Svalheim.

Nokre dyr får menneskelege eigenskapar. Difor blir dei betre historieforteljarar.

Paul H. Amble, prosjektleiar ved Universitetsmuseet i Bergen

Einvegsbillett til obduksjonssalen

Det stadfestar Knut Madslien, fagansvarleg for vilthelse ved Veterinærinstituttet.

– Alt som kjem inn i obduksjonshallen har einvegsbillett. Ingenting kjem ut att, med omsyn til smittefare, seier Madslien.

Han veit ikkje kor i obduksjonsprosessen dyret er, men avviser at det er råd å få levert ut biologisk materiale.

– Når ein gjer ein grundig undersøking, blir det ikkje så mykje igjen. Etter undersøkinga vil me venta på svar frå prøvar og levera ein rapport til oppdragsgjevar innan 14 dagar.

Knut Madslien

VILTHELSE: Knut Madslien er fagansvarleg for vilthelse ved Veterinærinstituttet i Oslo.

Foto: Eivind Røhne / Veterinærinstituttet

– Ikkje noko krise

Det betyr at det ikkje blir eit gjensyn med Vestlandet for den majestetiske fuglen.

– Det ville ha vore eit interessant eksemplar, men me har mange andre objekt me skal stilla ut. Det er ikkje noko krise for oss.

Utstillinga i Bergen, som skal opnast i 2019, vil også inkludera den mykje omtalte gåsenebbkvalen som blei funne med magen full av plast.

Kva rolle museet hadde tiltenkt Hamnesjefen, var framleis i det blå.

– Så langt var me ikkje komne. Det kunne bli ein sint svane ved inngangen, eller det kunne bli ein del av ei anna utstilling, fortel Amble.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo