NRK Meny
Normal

Ville sleppe rushen – sat på ferja i sju timar

Marcus McLeggon og broren ville sleppe ettermiddagsrushen. I staden tok ferjeturen sju timar. «Stallovarre» brasa rett inn i kaien, og kom seg laus først ved 19-tida i kveld.

Ferjekrasj

KRASJ: Marcus McLeggon (t.h.) og broren Massimo Lokøen ville sleppe rushtrafikken i Bergen. I staden måtte dei vente sju timar på ferja etter kollisjon med kaien.

Foto: Privat

– Vi er på ferja framleis, men akkurat no har dei klart å få ho laus, fortel Marcus McLeggon til NRK klokka 19.15.

– Planen er at dei skal snu ferja, slik at vi kan rygge i land, fortel han.

Det var litt før klokka 13 at uhellet skjedde ved Gjermundshamn. Ferja krasja då den skulle legge til kai.

Ifølgje bt.no sat ein baby og to vaksne i den fremste bilen, som hamna delvis under køyrebrua som blei pressa ned i samanstøyten.

Inge Andre Utåker, regionssjef i ferjeselskapet Norled, ventar fredag ettermiddag på assistanse frå Statens vegvesen for å få bilane om bord i land.

– Køyrebrua er øydelagd, så bilane kjem ikkje i land slik det er no. Derfor må vi anten få mellombels køyreløyve frå Sjøfartsdirektoratet, slik at vi får snudd og sett folk i land på Årsnes, eller så må vi prøve å snu ferja motsett veg, sa Utåker ved 15-tida.

Kai på skeiva

KAI PÅ SKEIVA: Samanstøyten var så kraftig at køyrebrua blei ståande på skeiva etter at ferja brasa i land. Ingen personar blei skadde.

Foto: Marcus Mcleggon

Norled: Svikt i styresystemet

Ifølgje Norled, som driv strekninga Årsnes – Varaldsøy – Gjermundshamn, skuldast krasjet svikt i manøvreringssystemet om bord.

Regionssjef Inge Andre Utåker seier ferja fekk nokså store skader.

Ferje braste rett i kai

KRAFTIG SAMANSTØYT: Både ferja og fleire bilar fekk skader då den eldre Norled-ferja 'Stallovarre' krasja inn i kaien på Gjermundshamn.

Foto: Marcus Mcleggon

– På grunn av svikten nådde ikkje ferja å stanse. Dermed trefte dei køyrebrua, og øydela den. Utanom skadane på ferja, fekk ein av bilane frontruta knust.

Ferjeruta blei erstatta med skyssbåt.

Klokka 23 i kveld vil det igjen vere normal drift.

Ville sleppa rushen

For Marcus McLeggon og dei andre passasjerane blei det ein særs lang ferjetur.

– Det er mange passasjerar som har latt bilane stå att og gått i land og tatt taxi. Så det kan jo bli vanskeleg av kome seg av med bilane for oss andre, men eg har forstått det slik at ferjemannskapet har fått bilnøklane, seier han.

McLeggon er på ferja saman med sin bror.

– Vi hadde vore hjå foreldra våre i Rosendal, og tok ei tidleg ferje for å sleppa rushen inn til Bergen. Det gjorde vi jo, men ikkje av den grunnen vi hadde tenkt, seier han galgenhumoristisk.

Med unntak av broren sine planar om å gå på stand up-show, gav ikkje ferjekrasjen store konsekvensar for dei to.

– Men det er jo ikkje gøy å sitja i seks og ein halv time på ferja. Maten er også så som så, ein bolle og ein iste. Det var ikkje så mykje å skryte av, akkurat.

Siste video

Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Programleder: Mariann Reikerås