NRK Meny
Normal

Ville protestar mot narkomane i villastrøk

30 rusmisbrukarar manglar bustad i Fjell kommune, men på Søre Bildøy protesterer naboane kraftig mot planane om rehabliteringsbustadar.

Rusmisbrukarar ikkje velkomne

BYTER UT INDREMISJON MED NARKOMANE: Geir Furnes, generalsekretær i Indremisjonsforbundet, ønskjer å selja huset i bakgrunnen til Fjell kommune. Det vil dei husa seks rusmisbrukarar som manglar bustad. Naboane er derimot svært kritiske til planane, og har protestert kraftig.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Planane om å husa seks rusmisbrukarar i det som tidlegare var indremisjonens bygg på Søre Bildøy har ikkje falle i god jord hjå naboane.

Fjell-politikarar vil ha rusbustader

PROTESTSTORM MOT BUSTADAR FOR RUSAVHENGIGE: Eli Berland er ordførar og Høgre-politikar, men i saka om kvar rusbustadane i Fjell skal plasserast, er ho ueinig med partiet sitt. – Det nyttar ikkje å busetje dei langt borte på ein aude stad. Litt av poenget er at dei skal læra seg å bu i eit nærmiljø, i dagleglivet, meiner ho.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Anne Lucie Voltersvik i Søre Bildøy Velforening håpar kommunestyret vil leggja vekk ideen når dei handsamar saka torsdag kveld.

–Dette er ei gruppe tunge rusmisbrukarar med alvorlege psykiske lidingar, og mange av dei mogelegeins òg ha ein kriminell bakgrunn. Det er heller ikkje snakk om at det er eit behandlingstilbod dei skal få, dette er berre eit butilbod.

–Aldri opplevd større engasjement

Politikarane i Fjell seier dei ikkje kan hugsa større protestar omkring ei sak enn før torsdagens avgjerd i kommunestyret. Ordførar Eli Berland og kollegaene har fått både mail, telefonar, sms og lesarinnlegg retta mot seg.

– Det har vore eit enormt trykk. Eg har aldri opplevd liknande engasjement knytte til noko einskildsak.

Passar ikkje inn

Voltersvik i Søre Bildøy Velforening og dei andre naboane seier dei har fleire grunnar til å vera kritiske til planane. Blant anna reagerer både ho og Paul Bakken som bur like ved på at det dei kallar sein informasjon.

Søre Bildøy Vel vil ikkje ha narkomane naboar

EIN SJANSE TIL Å GJERE NOKO BRA: Marianne Bjorøy og Arbeidarpartiet ønskjer dei seks bustadane for rusmisbrukarar velkomen på Søre Bildøy. Ho meiner det er ein unik sjanse for kommunen å gjere noko bra for denne gruppa. Både KrF og SV støttar Ap i saka, men om dei får fleirtal står att å sjå.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Hovudargumentet er likevel at dei meiner rusmisbrukarar ikkje passar inn i nabolaget.

– Vi reagerer jo sterkt på at dei vurderer å plassera slike pasientar, eller snarare; brukarar, i eit nærmiljø med småbarnsfamiliar. Der barn og unge, og nært til fleire skular.

Vil husa narkomane i indremisjonshus

Høgre-ordførar Eli Berland meiner derimot området er godt eigna til føremålet, sjølv om ho er på kollisjonskurs med sitt eige parti i spørsmålet.

– Skal denne gruppa få hjelp, er ikkje løysinga å plassera dei på ein aude stad heilt åleine. Ein del av føremålet er jo at dei skal læra seg å leva i dagleglivet, og komme seg ut av den situasjonen dei er i i dag.

Ho får støtte av både SV, KrF og Arbeidarpartiet. Sistnemndes gruppeleiar Marianne Bjorøy trur nettopp det at området ligg så fint til, er positivt med tanke på rehabilitering.

–Uansett kvar ein plasserer dette på Sotra, så vil det vera i nærleiken av eit villastrøk. Dette er ein unik sjanse for Fjell kommune å byggje opp eit tilbod overfor denne gruppa som vi kan vere stolte av.

– Må vera medmenneske

Her vil Fjell Kommune ha rehabliteringsbustadar

RUSMISBRUKARAR IKKJE VELKOMNE: Det er her, i Indremisjonsforbundet sine lokale på Søre Bildøy, at Fjell kommune no vurderer å husa seks rusmisbrukarar. Generalsekretær Geir Furnes seier han forstår naboane si motvilje, men at han trur staden vil eigna seg godt til føremålet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

30 rusmisbrukarar manglar per i dag bustad i Fjell kommune. Planen om å gjere indremisjonsbygget like ved bibelskulen på Bildøy om til hyblar, vil sikra seks personar ny bustad.

Generalsekretær Geir Furnes i Indremisjonsforbundet har forståing for naboane si motvilje, samtidig som han ønskjer å selja huset til føremålet.

– Akkurat no kjenner eg på at eg har ei ubehageleg dobbeltrolle oppi det heile. Eg tenkjer at desse naturskjønne omgivnadane kan vera terapi i seg sjølv, men eg forstår uroa til dei som bur her.

Kva med det kristne sinnelaget her?

Det trur eg alle er einige om at er viktig.

Politisk splitting

Naboar skeptiske til rusbustadar

Frp SEIER NEI: – Det er økonomisk årsaker til at Framstegspartiet ikkje ønskjer desse bustadane i dette lokalet, seier gruppeleiar Benjamin Nyborg. Han og partiet er i mot forslaget, men det er ifølgje Nyborg først og fremst fordi dei trur det vil kosta for mykje.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Framstegspartiet er tilhengarar at kommunen skal ha rehabliteringsbustadar for misbrukarane som står utan hus i dag. Men at det skal liggja nettopp på Søre Bildøy er ikkje den beste løysinga, seier gruppeleiar Benjamin Nyborg.

– Det er klårt at dei skal ha eit verdig butilbod. Men det er rett og slett det økonomisk aspektet som gjer at vi trur det må finnast andre alternativ.

30 rusmisbrukarar manglar bustad i Fjell kommune, men på Søre Bildøy protesterer naboane kraftig mot å gjere indremisjonens bygg om til rehabiliteringsbustader for 6 rusmisbrukarar.

Idyllisk utsikt Søre Bildøy

VIL IKKJE BRYTA IDYLLEN: Naboane meiner det idylliske nabolaget, med utsikt ut mot havet, ikkje passar til å busetja rusmisbrukarar. Torsdag kveld blir saka avgjort.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Leiar Anne Lucie Voltersvik i Søre Bildøy Velforening håpar at kommunestyret i kveld utset eller legg vekk planane om å kjøpe bygget.

Ordførar Eli Berland frå Fjell Høgre meiner bustadene blir eit godt og nødvendig tilbod, men kva kommunestyret vedtar i kveld, er framleis uvisst.

Tilbake i nabolaget står Paul Bakken og slår plenen, mens han ser utover havet.

–Det er jo ein nydeleg utsikt me har.

Det kan vel vera sjelebot i det?

–Jau då, både for rusmisbrukarar og andre. Men no veit eg ikkje om rusmisbrukarar først og fremst er opptekne av å sjå ut over havet, då.

Torsdag kveld blir det avgjort om Fjell Kommune går inn for rehabliteringsbustadar for rusbrukarar i indremisjonens lokale på Søre Bildøy.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.