Hopp til innhold

Vill tjuveriferd enda med krasj etter 180 kilometer

Først stal dei to rusa personane ein bil i Bergen, før dei stakk av med ein ny i Eidfjord. På veg opp mot Hardangervidda krasja dei bilen. Likevel stoppa det stoppa ikkje der.

Stjålet bil på Hardangervidda
Foto: Tipsbilde

Det heile starta med at politiet fekk melding om eit innbrot i Eidfjord i Hardanger, like etter klokka 08.00. Kring ein time seinare kom meldinga om at ein bil har krasja ved Sysendammen på riksveg 7 aust for Eidfjord.

Etter å ha kontrollert registreringsnummeret på bilen på riksveg 7, oppdaga politiet at bilen høyrde til på innbrotsstaden i Eidfjord.

– Og der stod ein bil som vart meldt stolen frå Laksevåg i Bergen i natt, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i politiet.

Det var Avisa Hordaland som først skreiv om at bilen ved Sysendammen kunne vera stolen.

Prøvde å stikke av

Men historia endar ikkje der. Brannvesenet var først framme på staden ved Sysendammen, der bilen låg knust midt i riksvegen.

– Ein kom over ei kvinne og ein mann som stod fram som svært rusa. I tillegg var mannen svært aggressiv. Då dei fekk kontroll på kvinna, prøvde han å stikke av med ein ny bil frå Leiro brøytestasjon, fortel Magnussen.

Det fekk bileigaren stoppa. Då fekk mannen tak i enno ein ny bil. Etter å ha køyrt eit stykke vestover, køyrde mannen i grøfta og vart pågripen av politiet.

Dei skal ikkje ha fått skadar i kollisjonen.

eidfjord

Meldt om fleire innbrot i distriktet

Det er meldt om fleire innbrot i distriktet denne morgonen, og politiet undersøkjer no om dei to personane kan ha noko med dei og gjere.

Tidleg tysdag morgon gjekk alarmen ved Øystese Mek. Verkstad, og det er også kome meldingar om innbrot i Kvam.

– Det kan vera vanskeleg for større køyretøy å passera på riksveg 7 no, medan personbilar skal klara å komma seg forbi den knuste bilen.