Lars Olav Bergsvåg pakkar ned gjerde og flyttar pallar i Etne. Han er nedriggingssjef på Etnemarknaden.
Hit har 18.000 personar valfarta for tivoli, konsertar og marknad i sommar.
Men sjølv om festivalen blir arrangert i Hordaland, kjem dei fleste gjestane frå Rogaland.
– Vi er jo ikkje så mange i Etne, så dei fleste kjem frå kommunane rundt, spesielt på Haugalandet. Det er kommunane der vi har mest med å gjere.
Bergsvåg er også høgrepolitikar og ordførarkandidat i kommunen. For han handlar tilknytinga til Haugalandet ikkje berre om ein marknad i august, men om kommuneøkonomi, tenester og framgang.
– Verste som kunne skje for Etne
I 2002 melde nabokommunen Ølen overgang til Rogaland, og slo seg etter kvart saman med Vindafjord. I fjor røysta Etne-innbyggarane over om dei skulle gjere det same, men sa nei.
Trass i folkeviljen, vil Bergsvåg ha omkamp.
– Ein av grunnane er fylkessamanslåinga. Det verste som kunne skje for Etne kommune var at Hordaland og Sogn og Fjordane slo seg saman. Då blei vi ein endå større utkant i eit endå større fylke, seier han.
Hadde Rogaland blitt med i det nye storfylket, ville Etne ha vore plassert ganske så sentralt.
– Det tek meg like lang tid å køyre til Notodden som til Bergen. Det seier litt om avstandane, seier Bergsvåg.
– Må jobbe opp mot regjeringa
Etne-ordførar Siri Klokkerstuen (Ap) seier nei til ein ny diskusjon om samanslåing med Vindafjord og dermed innlemming i Rogaland.
– Det er litt kjapt av Høgre å be om omkamp. Vi har hatt store prosessar og gjort ein veldig grundig jobb. Det enda med nei i folkerøystinga, og vi blei einige i kommunestyret om at vi sette vår lit til at Rogaland gjekk inn i Vestland, seier Klokkarstuen.
Men frå nyttår blir det altså eit Vestland utan Rogaland.
– Høgre har ein jobb å gjere opp mot eiga regjering. Dei tvinga Finnmark og Troms i saman, men lét Rogaland vere utanfor Vestland frivillig, seier Klokkerstuen.
– Sveio tilhøyrer Haugalandet
Også i Sveio, på andre sida av Ølen, ser Høgre mot Rogaland.
– Kommunesamanslåing er ikkje tema, men det er regionstilhøyring, seier Lars Einar Hollund, ordførarkandidat i Sveio Høgre.
Han seier Sveio tilhøyrer Haugalandet, og vil vere i same region.
– Det speler inga rolle kva region vi tilhøyrer, så lenge vi er i same region som Haugalandet, seier Hollund.
- Les også: