Vil varme Bergen med Løvstakken

Eit av Bergens sju fjell kan i framtida gi varme til fleire tusen heimar.

Eit av Bergens sju fjell kan i framtida gi varme til fleire tusen heimar. For forskarar meiner Løvstakken skjuler store mengder energi.

SJÅ VIDEO: Løvstakken i Bergen kan bli byens radiator i framtida. Forskarar meiner det skjuler seg store mengder energi i fjellmassivet. (Bilete: Aqwis/Creative Commons)

På grunn av varmen som radioaktiviteten kan generere, så kan det rett og slett bli eit fjellvarmeanlegg for Bergen

Atle Rotevatn, geolog ved UiB
Jordvarme Løvstakken

RADIOAKTIVITET: Eivind Bastesen og Atle Rotevatn seier det naturleg høg radioaktivitet i bergarten i Løvstakkmassivet. Det kan kome kalde bergensarar til gode i framtida.

Foto: Ingunn Halvorsen / UiB

For forskarar meiner Løvstakken skjuler store mengder energi.

– Her har vi naturleg radioaktivitet. Og naturleg radioaktivitet er ein veldig god kjelde til høgare varme, forklarar geolog Eivind Bastesen ved Universitetet i Bergen.

Løvstakken-massivet (sjå kart) består av granitt og granittisk gneis. Det gjer berggrunnen i fjellet vest for sentrum ekstra varm.

Slik kan altså eit av Bergens sju fjell i framtida bli ein radiator for kalde bergensarar.

– På grunn av varmen som radioaktiviteten kan generere, så kan det rett og slett bli eit fjellvarmeanlegg for Bergen, seier geolog ved UiB, Atle Rotevatn.

Vil bruke jordas indre

Bastesen og Rotevatn driv saman eit pilotprosjekt som vert finansiert av energiselskapet BKK og UiB. Dei to forskarane har gjort målingar og studert sprekker i bergflata.

Og ved å nytte seg av fjellets naturlege sprekksystem vil dei sprøyte ned kaldt vatn, og få det attende oppvarma av varmen frå jordas indre.

– Er det mange nok av desse sprekkane, og dei er i kommunikasjon, så kan vi bruke dei til å transportere væske, seier Rotevatn.

Vil djupare ned

Geoenergi er ikkje noko nytt. På Island er den lett tilgjengeleg og vanleg.

Men energiforma er liten på verdsbasis. Regjeringa i Noreg er enno ikkje klar på kor mykje dei vil satse på varmen frå jordas indre.

Forskarane håpar no på hjelp til å bore djupare i Løvstakken. Tidlegare har det vorte bora ein brønn til kring 500 meters djup i Fyllingsdalen.

Men forskarane vil djupare, dei vil ned til tre kilometer. Dette for å få stadfesta at varmen er mogleg å få tak i.

– Kan bli lønsamt

Men det er mange som meiner at geotermisk energi aldri vil kunne svare seg her i landet. Det er for dyrt å bore.

– Men vi har god tru på at dette er noko som er lønsamt for Bergen, argumenterer Rotevatn.

– Når oljealderen tek slutt så er dette teknologi som vi må ha på plass. Når du ikkje lenger har inntekta frå olja, så har dette eit mykje større potensial, avsluttar Bastesen.

Laster kart, vennligst vent...

Løvstakken skil Fyllingsdalen og Bergensdalen.