Hopp til innhold

Vil tiltale mann (29) for drap på stefaren

Politiet er ferdig med etterforskinga av drapet på ein 62 år gamal mann i Loddefjord.

Politihund søker etter spor i Loddefjord etter dødsvold

MASSIV VALD: Politiet rykte ut med krimteknikarar og politihundar då den 62 år gamle mannen vart funnen død på grunn av massiv vald i desember 2014. No vil politiet ha den 29 år gamle stesonen tiltalt for forsettleg drap.

Foto: Jon Bolstad / NRK

62-åringen vart funnen død med store hovudskadar i leilegheita si i Loddefjord i Bergen 12. desember 2014. Det var sambuaren som fant han, og politiet sette straks i gang etterforsking basert på spor og funn på staden.

Dagen etter var den 29 år gamle sonen til 62-åringens sambuar arrestert og sikta for dødsvald. Siktinga vart seinare utvida til å gjelde forsettleg drap.

No er politiet i Bergen Vest ferdig med etterforskinga av saka. Dei har sendt saka vidare til statsadvokat for tiltalevurdering.

– Politiet ber om at det blir tatt ut tiltale etter paragraf 233 i straffelova, som gjeld forsettleg drap, fortel politistasjonssjef Tore Salvesen til NRK.

Det betyr at politiet meiner 29-åringen slo i hel stefaren med vilje.

– Vi har innstilt på forsettleg drap, og ventar på avgjerda frå høgare påtalemyndigheit, stadfester politiadvokat Janne Ringset Heltne.

Krimteknikarar på plass i Loddefjord

BLODSPOR: Krimteknikarar på veg inn i heisen i blokkleilegheita i Loddefjord. Det vart funne blodspor inne i gangen og utanfor inngangen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Nektar straffskuld

For eitt år sidan sa Heltne til at det var omfanget av skadane som gjorde at dei valde å utvida siktinga til å gjelda forsettleg drap.

– Vi meiner forsett-krava er oppfylt, seier Heltne.

Den sikta 29-åringen erkjenner å ha vore i eit basketak med stefaren, men nektar straffskuld i saka. Mannens forsvarar Beate Hamre har ikkje svart NRK i dag.

«Jeg har drept ham litt»

Klokka var 18.54 den 12. desember 2014 då politiet fekk melding om den livlause 62-åringen i blokkleilegheita. Politiet har brukt overvakingskamera og avhøyr av vitne for å danna seg eit bilete av stesonen sine bevegelsar den kvelden.

29-åringen vart i 18-tida same kveld observert med blodige klede i nærleiken av åstaden, og han er også fanga på overvakingskamera ved Vestkanten kjøpesenter, samt på ein buss.

Han skal same kveld også ha fortalt eit vitne at «jeg har vært hos typen til min mor – og drept ham litt».

Både avdøde og sikta er kjenningar av politiet. Berre fire dagar før valden i Loddefjord, utførte 29-åringen grov vald mot ein kjenning i Høyanger i Sogn og Fjordane. Han er tidlegare straffa for lekamskrenking og narkokriminalitet, ifølge Bergensavisen.