Hopp til innhold

- Det kjem menneske med traumer

Størstedelen av dei 200 syriske flyktningane som kjem til Vestlandet, hamnar i Bergen. Kommunen vil tilsetje to psykologar. – Det vil vere veldig viktig for at vi skal følgje opp og integrere dei, seier sosialbyråden.

Borgerkrigen i Syria har nå pågått i 1000 dager

VIL FÅ HJELP: I løpet av det kommande året tek Norge i mot 1000 flyktningar frå Syria. 200 av dei hamnar på Vestlandet. I Bergen vil dei tilsetje to psykologar for å vera best mogleg førebudde.

Foto: KHALIL ASHAWI / Reuters

Dag Inge Ulstein

VIL VERA FØREBUDD: Sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) seier Bergen treng psykologar for å sikre at dei klarar å ta imot syriske flyktningar med traumer.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

I alt 1000 flyktningar frå Syria skal busettast i Norge, 200 av dei kjem til Vestlandet i løpet av året.

Til Bergen har det allereie kome ti flyktningar, og kommunen skal også ta i mot størstedelen av flyktningane som skal busettast på Vestlandet.

– Eg trur det har blitt veldig tydeleg for alle at det er store behov. Eg er veldig glad for at vi har sagt ja til å ta i mot mange flyktningar, seier sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) i Bergen.

Borgarkrigen i Syria har skapt ei av dei største humanitære krisene på fleire tiår. I snart tre år har konflikten kravd over 140.000 menneskeliv og har drive fleire millionar av menneske på flukt.

Vil tilsetja flyktningpsykologar

I Bergen er ein førebudd på at fleire av flyktningane slit med traume frå det dei har opplevd i heimlandet.

Kommunen søkjer no helsedirektoratet om midlar til å tilsette to psykologar som skal jobbe direkte opp mot dei syriske flyktningane Bergen skal ta imot det komande året.

Sosialbyråd Dag Inge Ulstein meiner kommunen treng psykologar for å sikre at dei klarer å ta imot dei, og håper helsedirektoratet er einige.

– Eg håpar det. Det vil vere veldig viktig for at vi skal følgje opp og integrere dei flyktningane som kjem på ein god måte. Signala vi har fått er lovande.

– Når vi også har fått ein så god avtale med Senter for krisepsykologi, så ville det vore dumt om vi ikkje fekk det til, legg han til.

Eit strålande initiativ

Og på Senter for krisepsykologi tek dei imot initiativ til kommunen med opne armar. Dei vil samarbeide med psykologane til kommune om kva ein skal tilby og korleis ein skal følgje opp flyktningane.

– Vi kan bruke vår kompetanse både til å kartleggje behova flyktningane har, og også hjelpe kommunen å lage lågterskeltilbod til flyktningane gjennom kommunepsykologane, seier Unni Heltne som leiar senteret.

Betyr det at alle syriske flyktningar som kjem til Bergen møter ein psykolog?

– På ingen måte, her er det snakk om å hjelpe kommunen med å lage eit system som fangar opp dei som har behov. Deretter vil ein hjelpa med å lage eit lågterskeltilbod slik at dei får hjelp til heilt umiddelbare problem som hemmar i kvardagen, forklarar Heltne.