NRK Meny
Normal

Meiner Stord sjukehus bør tilhøyre Helse Bergen

Politikarar i Stord kommune er lei av at sjukehuset deira blir nedprioritert til fordel for lokalsjukehuset i Haugesund.

Haukeland universitetssykehus

Politikarar i Stord kommune vil bort frå Helse Fonna og heller sende pasientar til Haukeland universitetssjukehus.

Foto: NRK

Liv Kari Eskeland (H)

Ordførar i Stord kommune, Liv Kari Eskeland.

No ønskjer fleire seg bort frå Helse Fonna.

Ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland, er einig i at det er på tide med ein gjennomgang av sjukehusstrukturen i Noreg.

– Me har hatt foretaksmodellen i ti år, og det er nok absolutt på sin plass å ta ei evaluering på det.

Bak seg har ho eit samstemt formannskap som har sett seg lei av eit helseføretak som heile tida fjernar funksjonar frå lokalsjukehuset deira.

Mistar store delar av helsetilbodet

Frå før av har sjukehuset på Stord vorte fråteke AMK-sentralen, apoteket, delar av intensivbehandlinga, samt lokal leiing og administrasjon.

I 2012 står dei i fare for å miste både føden og kirurgien til fordel for Haugesund sjukehus.

Med det forsvinn store delar av spesialistane og helsetilbodet til sunnhordalendingane.

Naturleg å tilhøyre Bergen

Haugesund sjukehus

Politikarar i Stord kommune er lei av at sjukehuset deira blir nedprioritert til fordel for Haugesund.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Både FRP og KRF er klare på at dei ikkje ønskjer å høyre inn under Helse Fonna.

– Dei beste fagmiljøa som finst, er på Haukeland universitetssjukehus, seier Oskar Emil Langeland frå Kristeleg Folkeparti.

Dei meiner det er naturleg at alle lokalsjukehus vert knytt opp mot eit universitetssjukehus.

– Pasientar frå Sunnhordland bør få sleppe innom sjukehuset i Haugesund, før dei eventuelt vert sendt vidare.

I staden bør pasientane bli sendt direkte til Bergen.

– Me trur det er meir naturleg for Stord å ligga under Helse Bergen, både med tanke på fagleg utvikling og for pasientane, seier Langeland.

Vil styrke sjukehuset i Odda

Også i Odda vert det diskutert kva helseforetak sjukehuset bør tilhøyre.

På eit aksjonsmøte tidlegare i veka, vart innbyggjarane fortalt at Helse Fonna ikkje ønskjer å bygge ned, men tvert imot styrke visse funksjonar ved lokalsjukehuset.

Odda sjukehus

Det er delte meiningar om kva helseforetak Odda sjukehus bør tilhøyre.

Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna