NRK Meny
Normal

– Legalisering av hasj er blitt ei motesak

– Skuleelevane klappar når ungdomspolitikarane fortel at dei vil legalisere hasj, seier KrFU-leiar.

montasje beslag

Eivind Skår

Fylkesleiar Eivind Skår i KrFU Hordaland.

Foto: NRK

I Bergen har tre av dei åtte ungdomspartia sagt at dei ønskjer å legalisere sal og bruk av cannabis, i regulerte former. Det gjeld Framstegspartiets Ungdom, Unge Venstre og Unge Høgre.

AUF Bergen hadde inntil nyleg same standpunkt. Men i januar i år endra dei det til det same som AUF Hordaland og Arbeidarpartiet i Bergen, der ein ønskjer å gå vekk frå fengselsstraff for rusavhengige og innføre hovudregel om rehabilitering.

– Det har blitt ei motesak

– Det har blitt ein kultur hjå ungdomspolitikarane i Bergen å vera for legalisering, seier Eivind Skår, som er leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom i Hordaland.

– Det er skikkeleg trist.

Han var lokallagsleiar for KrFU i Bergen ved valet. Då møtte han dei andre ungdomspolitikarane til debatt på skulane.

– Det har blitt ei motesak. På debattane kom det spørsmål frå elevane i salen, om politikarane ville legalisere. Stort sett alle sa ja, til applaus frå salen, fortel Skår.

Han meiner ungdomspolitikarane er synlege i media og såleis er rollemodellar. Difor har han reagert på språkbruken til ungdomspolitikarane i skuledebattane.

– Eg reagerer på retorikken dei brukar, spesielt i skulevalkampen. Ein del av dei snakkar om cannabisbruk som ufarleg.

– Gode grunnar

På debattane kom det spørsmål frå elevane i salen, om politikarane ville legalisere. Stort sett alle sa ja, til applaus frå salen.

Eivind Skår, leiar i KrFU Hordaland

Leiar i Unge Venstre i Bergen, Øydis Lebiko, er ikkje samd i utsegnene frå Skår.

– Dette handlar om å redusere skadeomfanget og få ting inn i ordna formar. Tilgangen på narkotika er stor, og forholda i til dømes Nygårdsparken syner at forbodslinja ikkje fungerer. Heroinassistert behandling er eit døme å redusere skadeomfanget. Ungdomspolitikarane grunngjev synet sitt på ein god måte, meiner Lebiko.

Ho legg til at ho ikkje kan huske at cannabis kom opp som tema på skuledebattane i valkampen, og presiserer at fleire av partia er imot legalisering.

– Eg har heller ikkje inntrykk av at vi ungdomspolitikar er rollemodellar for elevane, og at vi på den måten påverkar dei.

Tykkjer reaksjonane har vore strenge

Saka om Erik Skutle og dei andre Høgre-politikarane som no er sikta eller mistenkt, omtalar ho som trist.

– Det er dumt å bryte lova når ein sit på Stortinget. Samstundes må eg seie at saka har fått veldig strenge reaksjonar frå eige parti. I forhold andre lovbrot som til dømes det å køyra for fort, seier Lebiko, og legg til at alle stortingspolitikarar skal forholda seg til lovar.

– Eg vil ikkje seie dette er blitt eit motesak, seier leiar i AUF Hordaland, Øystein Hassel.

Fylkeslaget i AUF har aldri hatt vedtak på legalisering. At fleire ungdomsparti i Bergen er positive til legalisering, meiner han heng saman med dei store russcenene i byen.

– Eg trur det gjer noko med ungdommane i denne byen. Dei veks opp tett på det.

– Verre at unge politikarar gjer det

Sjølv har han ingen behov for oppfordre folk til cannabisbruk.

– All type forsking som syner farane med cannabisbruk er bra, så kan folk ta informerte val. Eg har aldri brukt det sjølv, og har ingen planar om det.

Hassel trur heller ikkje at ungdomspolitikarane som er for legalisering har innverknad nok til å påverke ungdommar til å begynne med cannabis.

– Eg trur meir det vert eit problem når unge politikarar gjer det sjølv, slik vi ser no.

– Jobbar mot vindmøller

Linn Holvik

Rektor Lin Marie Holvik ved Nordahl Grieg vidaregåande skule.

Foto: Sølve Rydland

Lin Marie Holvik er rektor ved Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen. Det er ein av skulane som politiet aksjonerte på under opprullinga av narkosaka.

Holvik seier det er vanskeleg å seie at ungdom ikkje bør røykje hasj, når fleire ungdomsparti vil legalisera.

– Det er ei slags kjensle av å jobbe mot vindmøller, når fire ungdomsparti har tatt stilling for legalisering. Til saman er dei store og engasjerer veldig mange, seier Holvik til NRK.

– Så skal vi stå på den andre sida og prøve å få ungdommar til å forstå at dette ikkje er så smart å drive med.

Engasjerte elevar

Det er ei slags kjensle av å jobbe mot vindmøller, når fire ungdomsparti har tatt stilling for legalisering.

Lin Marie Holvik, rektor ved Nordahl Grieg vidaregåande skule

Holvik fortel at mange er engasjerte på skulen, spesielt i Høgre og nokre i Venstre. Ho trur ungdomspolitikarane kan påverke.

– Eg trur dei er førebilete, og då må dei ta rolla som det og tenkje grundig gjennom slutningar dei tek.

Skulen jobbar med førebyggande tiltak, og vil halda fram med dette med eit sterkare fokus etter narkoaksjonane frå politiet.

– Ein skule jobbar med dette uansett om det er aksjon eller ikkje. Vi må halde fram med haldningsskapande arbeid.

– Men at store ungdomspolitiske parti er for legalisering, gjer ikkje det enklare.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik