Det var som forventa då Utekontakten i Bergen tysdag føremiddag presenterte ei kartlegging over byens opne russcener: Nygårdsparken stakk utan tvil av med den tvilsame topplasseringa.
Om to månader kan det bli slutt. Då skal parken ryddast, og det er ei av årsakene til dagens kartlegging. Det seier byråd for helse- og omsorg, Hilde Onarheim (H), settebyråd for nyleg avgåtte sosialbyråd Dag Inge Ulstein.
– Det er veldig viktig å kartlegge russcenene. Vi stengjer jo parken om to månader, og ei av årsakene til at vi har denne kartlegginga nett no, er jo for å vite kvar det går føre seg no, slik at vi kan følgje med framover.
Jobbar for å unngå nye russcener
Dagens kartlegging bydde på få overraskingar, med Nygårdsparken og Vågsbunnen som dei to mest utsette områda.
– Kva trur du er sjansen for at utekontakten står her til neste år og listar opp nye "problemområde"?
–Det har vore sett i gong eit stort arbeid der både kommunen, politiet og spesialhelsetenesta har vore involvert for å få flest mogeleg av rusbrukarane over på dei tiltaka vi har.
Onarheim seier ho håpar flest mogeleg vil prøve å komme ut av rusen.
– Aller helst håpar vi at flest mogeleg av dei tunge misbrukarane, skal komme over på legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
- Les òg:
Inga kortsiktig løysing
Planen er at kartlegginga skal gjere det enklare for både politikarar og politi å følgje rusmiljøet i Bergen, seier Onarheim, som er klar på at det ikkje er snakk om at dei forventar at alt er løyst over natta.
– Eg veit at det har blitt gjort eit kjempearbeid for å leggje til rette for at dette skal gå bra. Men vi veit jo at det vil ta fleire år enno før vi klarar å få til denne endringa ute i parken som vi ønskjer.