NRK Meny
Normal

Vil ta 49 kroner i bompengar på Sotrabrua

Staten tar over halvparten av kostnadane for utbygginga av Sotrasambandet, ifølgje fylkesrådmannen. Dermed får bilistane «sjokkbompengane» på 100 kroner per passering halvert.

Nye Sotrabrua

FERDIG I 2024: Planen er at det nye Sotrasambandet på rv. 555 skal stå ferdig om sju år.

Foto: Statens vegvesen / Illustrasjon

Fylkesrådmannen i Hordaland, Rune Haugsdal, la i dag fram sitt forslag til utbyggingsplan for Sotrasambandet.

Han ber politikarane vedta ein plan der det vil kosta 49 kronar å passera brua for personbilar, og 98 kroner for køyretøy over 3,5 tonn. Elbilar får halv pris av vanleg personbiltakst.

Rune Haugsdal

Rune Haugsdal, fylkesrådmann i Hordaland.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Det er dei same prisane som Vegvesenet legg opp til, slik BA melde tidlegare denne veka.

Fylkesrådmannen har tidlegare påpeikt at han frykta bompengane ville kosta over 100 kroner per passering kvar veg, fordi staten i førre NTP (2014-2023) berre hadde sett av 2,1 milliardar til prosjektet, som den gongen var kostnadsrekna til 8,9 milliardar kroner.

Legg til grunn at staten løyver meir

I 2017-kroner er prisen rekna til 9,5 milliardar kroner, men ifølgje Haugsdal sitt framlegg vil staten no ta over fem milliardar av kostnadane.

– For å halda bompengesatsen på eit akseptabelt nivå er det ein føresetnad at staten bidreg meir. Staten må inn med meir pengar slik at me kjem opp i 5 milliardar kroner i ny NTP, seier Haugsdal til NRK.

– Kvifor reknar de med at det går i orden?

– Vi legg det til grunn og føreset det slik at vi kan ha eit akseptabelt bompengenivå på Sotra-sambandet.

«Fylkesrådmannen er [ ...] svært nøgd med at det no ligg føre eit utbygging- og finansieringsopplegg for Sotrasambandet, som er basert på takstar og bompengeinntekter i samsvar med prinsippsaka», skriv Haugsdal i framlegget.

Sotrasambandet illustrasjon nye

NY BRU MOT KØ: Nytt Sotrasamband med ei ekstra og større bru skal knytta vekstkommunane i vest betre til Bergen.

Foto: Statens vegvesen

Lån på 2,7 milliardar

Tungtrafikken vil ikkje få rabatt med brikke, medan bilar under 3,5 tonn vil få 20 prosent avslag.

Bompengeperioden vil vera 20 år, mot normalt 15 år. Målet er å få inn totalt sju milliardar kroner i bompengar, som også skal dekka renter, kostnadar til innkrevjing og drift av selskapet.

Fylkesrådmannen ber politikarane garantera for eit lån på inntil 2,7 milliardar kroner for prosjektet dersom det blir godkjend av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Saka skal no opp i utval for miljø og samferdsle i Hordaland fylkeskommune, og i fylkesutvalet, før den endeleg skal avgjerast i fylkestinget 7. mars. Saka skal også på høyring til dei involverte kommunane.

«Når utbyggings- og finansieringsopplegget er handsama i kommunestyra, bystyret og i fylkestinget, vert det oversendt Vegdirektoratet. Prosjektet skal kvalitetssikrast eksternt (KS2), før vidare handsaming i Samferdselsdepartementet og endeleg vedtak i Stortinget», skriv Haugsdal.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik