Hopp til innhold

Slik kan du vere med å stoppe humledøden

Det blir færre og færre humler i Norge. – Vi bør alle gjere litt for å hjelpe dei å overleve, seier hageekspert Anne Tafjord Kirkebø. Slik gjer du hagen din til eit humle-eldorado.

Humle på solblomst

FÆRRE: Humlene er den viktigste pollinatoren i Norge. No blir det færre av dei, både i Norge og resten av verda. Årsaka er at mange av dei gamaldagse slåtteengene har forsvunne på grunn av moderne landbruk.

Foto: Tor Beisvåg

Anne Tafjord Kirkebø

HUMLEHAGE: Mange av plantane i Hagen til Anne Tafjord Kirkebø er populære blant humlene.

Foto: Ingvild Nave / NRK

– Vi kan ikkje leve utan humlene. Dei gjer ein kjempeviktig gratisjobb når dei hjelper oss ved å pollinere både pryd- og matplantar. No er det vår tur å hjelpe dei litt, seier hageeksperten Anne Tafjord Kirkebø.

Ho har bygd ein humlevenleg hage på Eidsvågneset i Bergen. Det summar i sommarvarmen når dei store, stripete insekta flyr frå blomster til blomster i den store hagen.

– Humlene elskar agurkplanten

– Ser du? Der landa ein på agurkplanten. Den er mest populær akkurat no, seier Kirkebø, medan tre humler arbeider flittig på blomane.

– Agurkplanten er veldig enkel å få til. Og så kan ein bruke den til så mykje. Ein kan ha blomane i salat, eller legge dei inne isbitar eller som kakepynt. Det er ein flott plante, fortel Kirkebø.

Humlene er den viktigste pollinatoren i Norge. No blir det færre av dei, både i Norge og resten av verda. Årsaka er at mange av dei gamaldagse slåtteengene har forsvunne på grunn av moderne landbruk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Humle søker selje

TRENG HJELP: Det blir færre humler i Norge.

Foto: Knut Dreiås

Ikkje klipp graset

Det er ikkje vanskeleg å gjere hagen til eit summande humle-eldorado, men det er likevel nokre ting ein bør unngå. Sprøytemiddel, og for mykje klipping av graset er to av dei.

– Å la vere å klippe graset kan faktisk vere ein idé. Eg har eit «naturhjørne» i min hage som eg ikkje gjer noko med. Dei naturlege blomstrane som veks i Norge er tilpassa biene, så det er viktig å ikkje gjere nabolaget for strigla, fortel Kirkebø.

Humlene og biene treng slike stader for å lage bol og formeire seg.

– Bola er eittårige, og om du ikkje har nokon allergi eller liknande så kan du slappe av. Dei er ikkje interessert i å stikke deg, seier Kirkebø.

Sprøytemidlar er også viktig å unngå om ein vil gjere livet lettare for biene.

I hagen i Bergen finn vi også lavendel, prestekragar og hjelm. Alle tre av desse er plantar som får humla til å suse.

Prestekrage

POPULÆR: Prestekragen er ei delikatesse i humleverda.

Foto: Ingvild Nave / NRK

– Mange vil ikkje ha hjelm i hagen, fordi dei er veldig giftige. Men eg synest dei er vakre, og ikkje minst ein flott humleplante, fortel Kirkebø.

– Nordmenn har eit spesielt ansvar

På grunn av mangelen på humler og bier har det i USA blitt vanleg å køyre rundt med bier som så blir slepte ut for å pollinere åkrar og landbruksområder.

– I Norge har humlene og biene gjort denne jobben heilt gratis. For oss er humlene den viktigaste pollinatoren, og dei gjer ein kjempeviktig jobb. Vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på dei her i Norge, fordi vi har så mange av dei, fortel insektsforskar ved Norsk institutt for naturforskning, Frode Ødegaard.

Når humlene pollinerer ein plante tar dei pollen frå ein plante og flyttar det til ein annan, slik at plantane formeirer seg og lagar nye frø. Biene eter også litt av pollenet på vegen, men det blir nok att til å befrukte plantane.

Mange humler bur i by

– Nokre av humleartane i Norge er allereie raudlista, og har gått sterkt tilbake. Enkelte av artane har si hovudutbreiing i Norge, spesielt dei som bur over tregrensa, fortel Ødegaard.

Han trur at ideen om å plante humlevenlege plantar kan gjere livet lettare for dei.

– Alle monnar drar. Mykje av årsaka til at dei går tilbake er jo mangel på humlevenlege plantar. Det er veldig flott at folk er opptekne av dette. Det bur mange humler i tettbygde strøk og i byar, fortel Ødegaard.

Frode Ødegaard

HUMLELANDET NORGE: Norge har veldig mange humler, seier insektforskar Frode Ødegaard, som meiner vi må passe på dei.

Foto: Per Ingvar Rognes