Hopp til innhold

Skal springe 100 mil gjennom fire ørkenar - berre éin nordmann har klart det før han

Av over 7000 deltakarar har berre 120 klart å gjennomføre alle dei fire ørkenløpa i serien «4 deserts». Chessgründer Ole Erik Norstad har 750 kilometer igjen.

Ole Erik Norstad

EIT AV FIRE: Her gjennomfører Ole Erik Norstad det første av fire ørkenløp i løpsserien «4 deserts», i Atacamaørkenen i Chile. No står tre løp att før han kan bli blant den vesle prosentdelen som har klart å gjennomføre alle.

Foto: Privat

Fire ørkenløp. Alle på 250 kilometer. Så langt har Ole Erik Norstad (45) frå Bergen gjennomført eit av dei, gjennom Atacamaørkenen i Chile. I februar deltek han på sitt andre, denne gongen gjennom Sahara med Jordan som utgangspunkt, skriv Bergensavisen.

Klarar han å også gjennomføre dette, står to igjen; Gobiørkenen i Kina og Antarktis. For å delta i det siste må han gjennomføre minst to av dei andre løpa og i tillegg få ein invitasjon. For Norstad er målet å gjennomføre alle fire.

– Antarktis er vel gjerne sett på som det mest ekstreme, og fungerer dermed som ein sukkerbit i høve til å gjennomføre dei andre, seier han til NRK.

Mobilgründaren som blei ørkenløpar

Ole Erik Norstad

STOLT: Ole Erik Norstad sprang inn til 28. plass av dei 160 som starta i Chile i fjor. Det var han svært nøgd med.

Foto: Privat

45-åringen er nok mest kjend for å ha bygd opp mobilselskapet Chess saman med Idar Vollvik. No er han viseadministrerande direktør i mobilselskapet Ludo Groups som satsar i Thailand. No står gründeren føre heilt andre utfordringar, då han framleis har tre knalltøffe ørkenløp igjen før han når målet sitt. Eit mål berre ein nordmann, Gunnar Fæhn frå Romerike, tidlegare har klart å gjennomføre.

– Folk som har sprunge på ei strand veit korleis det er å springe i sand, og det er ganske tungt. Det er mykje sanddyner, men i tillegg består ørkenen også mykje av grus og sand, så det er ei tøff utfordring å bevege seg.

I Sahara er dei 250 kilometerane fordelt på fem dagar der lengste etappe er på ni mil. For kvar andre mil er det vasstasjon der deltakarane får utdelt mellom halvannan og to liter vatn som dei tek med seg fram til neste stasjon.

– Elles spring vi med alt vi treng, proviant, soveposar, liggeunderlag og den type ting. Så vi har mellom åtte og ti kilo på ryggen, fortel Norstad.

Nesten ingen norske med

Ifølgje han er det i dag berre 120 personar som har gjennomført alle dei fire løpa, medan over 7000 har delteke sidan det første løpet, som var i Gobiørkenen, starta i 2003. Deretter kom dei andre i tur og orden med berre eit år i mellom. For Norstad var planen først berre å delta i det eine, men ein 28. plass blant dei 160 som starta i Atacama gav meirsmak.

– Det er ei enormt bra kjensle når ein meistrar noko. Det er langt frå sikkert at ein kjem til mål, så det i seg sjølv gir meistringskjensle. Og så er det eit avgrensa tal menneske som klarar det, og då sat eg det som eit mål å jobbe mot. Det er litt av det som tenner meg, at det ikkje er sjølvsagt at du kjem i mål, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ole Erik Norstad

TØRT OG TUNGT: Mykje variert og tørt terreng gjer ørkenløpa ekstra krevjande.

Foto: Privat

I dette løpet var han den einaste frå Skandinavia som deltok. Han fortel at dei fleste som deltek er såkalla «fabrikkløparar», at dei har sponsorar i ryggen som kan skryte på seg at dersom utstyret fungerer her, fungerer det overalt. I løpet gjennom Sahara veit Norstad at nokre danskar skal vere med, men ingen nordmenn. Berre ein nordmann har tidlegare fullført «Four deserts» og blitt medlem i «4 desert»-klubben.

Spring 400–600 kilometer i månaden

Førebels klarar han seg utan sponsorinntekter, og seier ein må rekne med utgifter på totalt kring 20.000 kroner for kvart løp, unnateke Antarktis.

Ole Erik Norstad

ØRKENLØPAR: Ole Erik Norstad er til dagleg viseadministrerande direktør i mobilselskapet Ludo Groups, men no har han kasta seg ut i nye utfordringar.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Om eg kjem meg dit, må eg nok prøve å få meg sponsorar, men eg trur ikkje det skal bli eit problem. Eg trur det som gjer at løpet i Antarktisk er vanskelegare å få delta i er at det er ein del naturvern og at ein må ha større kontroll. Ein reiser då ned med eigen båt, fortel han.

For å takle slike løp krevst det mykje førebuing for i det heile å klare å gjennomføre.

– Eg har sprunge mellom 400 og 600 kilometer i månaden sidan august, så eg ligg på ganske kraftige treningsdosar. Og for meg som er så gamal som eg har blitt er det klart at kroppen av og til skrik etter reservekrefter. Men det går på prioritering. Ein må forsake ein del ting i den perioden du byggjer deg opp til dette, seier Norstad.

Løpet i Sahara startar 16. februar, og det beste hadde vore å reise ned to veker i forkant for å venne seg til varmen. Norstad får berre fire dagar.

– Det er litt lite når ein kjem frå dei høva vi har. Dei fleste som deltek kjem frå varmare strøk og har ein fordel av det.

Ole Erik Norstad

EINASTE NORSKE: I Atacamaløpet var Norstad den einaste nordmannen som deltok. Truleg blir han også den einaste i Saharaløpet.

Foto: Privat