Hopp til innhold

Vil skjerpe krava til eldre bilistar

Fleire eldre blir drepne eller hardt skadde i trafikken. No skal ei lovendring skjerpe krava til eldre bilistar.

Illustrasjonsfoto

– Eldre er meir utsette for ulukker enn andre, og difor er me nøydde til å ta dette på alvor, seier avdelingsdirektør i Vegdirektoratet.

Foto: Scanpix / Scanpix

Eldre er spesielt utsett for å hamne i alvorlege ulukker på vegane. 30 prosent av dei omkomne i trafikken her i landet i 2014 var over 65 år, syner tal frå Statens vegvesen.

LES OGSÅ: Flere eldre drept og skadd i trafikken

– Det er jo ikkje det at eldre bilførarar er verre enn andre. Men dei er meir utsette for ulukker enn andre, og difor er me nøydde til å ta dette på alvor, seier avdelingsdirektør i Vegdirektoratet, Bente Skjetne.

Fleire eldre i trafikken no enn før

Bente Skjetne

– UROVEKKANDE: Avdelingsdirektør i Vegdirektoratet, Bente Skjetne seier dei ser på statistikken med stort alvor.

Foto: Knut Erik Solhaug / NRK

Medan færre unge trafikantar no er involverte i alvorlege ulukker, går ulukkestala for eldre trafikantar opp. Spesielt er eldre involverte i venstresving, kryss og fotgjengarulukker.

Auka heng mellom anna saman med at det er fleire eldre som ferdast i trafikken i dag enn for ti år sidan.

– Det er veldig urovekkande og me må jobbe for å få ned denne tendensen, seier avdelingsdirektør i Vegdirektoratet, Bente Skjetne.

LES OGSÅ: Færre mistet livet i trafikken i 2014

Vil ha strengare krav til eldre

Bente Moe.

SKJERPAR KRAVA: Strengare helsekrav og auka kursing av eldre bilistar skal få ned ulukkesstatistikken for denne aldersgruppa, seier Bente Moe i Helsedirektoratet.

Foto: Henrik Bøe/Erik Waage / NRK

No varslar Helsedirektoratet strengare krav til eldre bilistar. Ei ny forskrift til helsekrav er ute på høyring.

– Det betyr at viss av ein eller anna grunn, anten det er sjukdom eller skader eller alderssvekkingar ikkje oppfyller helsekrava, så får ein ikkje lov til å køyre bil, seier Bente Moe i Helsedirektoratet.

I tillegg til strengare helsekrav, blir kursinga av eldre over 65 år intensivert gjennom Statens vegvesen