Hopp til innhold

Vil samle Vestlandet i eit fylke

Venstre-laga i dei tre vestlandsfylka er einige. Dei vil ha storregionar i heile landet.

Stor-region

STOR – REGION I VEST: Slik bør den nye stor – regionen på Vestlandet sjå ut, meiner Mona Hellesnes, Alfred Bjørlo og Per A. Thorbjørnsen frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland Venstre.

Foto: Ingfrid Berget Fossoskaret

På Venstre sitt landsmøte i helga fremja dei tre utsendingane frå vestlandsfylka forslag om å slå saman fylka i landet til stor-regionar.

– Me kan ikkje berre ha kommune og stat. Det vil bli meir sentralisering av makt, ikkje mindre, seier Mona Hellesnes (V), fylkesvaraordførar i Hordaland til NRK.

Forslaget fekk i kveld fredag ikkje fleirtal for å verte behandla på landsmøtet.

Saman med Alfred Bjørlo (Sogn og Fjordane Venstre) og Per A. Thorbjørnsen (Rogaland Venstre) hadde Hellesnes tatt utgangspunkt i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland som dei vil gjere til eit stort fylke. Det skreiv Venstre i ei pressemelding i dag.

Forslaget om å behandle dette på landsmøtet kom som ei følgje av at regjeringa vil legge ned fylkeskommunane.

LES OGSÅ: - Minst 15.000 i kvar kommune - NRK – Norge

– Alt å tene på å slå oss saman

– Regionane våre er viktige næringsregionar i Noreg. Det er her verdiskapinga skjer, men me er for oppdelte til å nå det potensialet me har, seier Per A. Thorbjørnsen leiar i Venstre si gruppe i bystyret i Stavanger.

Han meiner at eit samla Vestland hadde hatt heilt andre moglegheiter enn i dag.

– Då hadde me vore klare for verkeleg store oppgåver. Me har alt å tene på å slå oss saman, seier Thorbjørnsen.

Dei tre er samde om at nye regionar kan ta over mange oppgåver frå staten. For eksempel oppgåver innan høgare utdanning, samferdsle, helse og klima og miljø.

Mona Hellesnes, Per A. Thorbjørnsen, Alfred Bjørlo

VIL SAMLE VESTLANDET: I helga fremjar dei tre utsendingane frå vestlandsfylka eit forslag om å danne stor-regionar i Noreg.

Foto: Venstre

– Me treng eit nivå mellom stat og kommune

– Saker som ferjefri E39, fiskeri, eller fornybar energi stiller store krav til at vestlendingane snakkar med ei røyst i Oslo, seier Alfred Bjørlo.

Han meiner mange oppgåver vil vere for store sjølv for større kommunar etter ei kommunereform.

– Me treng eit folkevald nivå mellom staten og kommunane for at ikkje alle desse oppgåvene skal bli verande i hovudstaden.

Eit mogleg kompromiss?

Regjeringa vil legge ned fylkeskommunane, men dette er det ikkje fleirtal for på Stortinget. I partiprogrammet til Venstre er det programfesta at Venstre ønskjer seg større og sterkare regionar.

– Kan slike stor-regionar bli eit kompromiss?

– Eg håpar regjeringspartia vil lytte til oss, seier Mona Hellesnes. Me kan ikkje berre ha kommune og stat.

Vil ha stor – regionar i heile landet

Å slå saman Sogn og Fjordane, Hordaland, og Rogaland er eit eksempel på noko Hellesnes, Bjørlo og Thorbjørnsen meiner bør verte gjort i heile landet.

– Vestlandet samarbeider godt allereie. Her er det naturleg å diskutere ein større og sterkare region, seier Hellesnes. Men den same diskusjonen må ein ta i dei andre delane av landet.

– Det er viktig at oppgåvene blir flytta frå stat og ned på regionalt folkevald nivå.

Kva barnet skal heite vil ikkje Hellesnes spekulere i.

– Det er eg ikkje så opptatt av. Eg er opptatt av at me beheld eit regionalt nivå. Men namn og grenser er ein viktig del av ein stor diskusjon.