NRK Meny
Normal

Vil riva landets eldste toppfotballtribune

Sportsklubben Brann ønsker å riva sin første overbygde tribune frå 1930-talet, og heller byggja studenthyblar og ein ny og mindre tribune tettare på grasmatta.

Laster innhold, vennligst vent..

Planane for nye Brann stadion blei lagt fram tysdag. Med dei vil elitefotballen «mista» eller «bli kvitt» den eldste tribunen i landet. I fotografiet over kan du med peikaren «dra i biletet» for å sjå forskjellen.

Den eldste delen av den såkalla Fjordkraft-tribunen på langsida mot sør er bygt på 1930-talet, den nyaste delen i 1997. No ønsker Brann-leiinga ny tribune og 332 studenthyblar i samarbeid med Studentsamskipnaden på Vestlandet.

Brann stadion i 1958

DEN FØRSTE TRIBUNEN: I 1958 hadde Brann stadion framleis berre den vesle tribunen med tak som vart bygt på 30-talet. No er den del av Fjordkraft-tribunen, og Brann planlegg riving.

Foto: Fra Bergen byarkiv

– Meir intim stadion

Anleggssjef Ole Myhrvold i Norges fotballforbund kjem ikkje på nokon eldre tribunar som blir nytta av elitelaga i Noreg i dag.

– Eg vil tru Brann har den eldste. På Ullevål, som vart bygt i 1926, er til dømes alt reve.

Dagleg leiar Vibeke Johannesen i Sportsklubben Brann meiner det er på høg tid å få ein betre tribune.

– Den gamle er opptil 16 meter frå banen. Den nye blir berre 6 meter frå grasmatta.

Dette er minsteavstanden i høve til krava.

– Me flyttar publikum nærast mogleg banen. Det blir ein meir intim stadion, og dermed betre stemning, seier Johannesen.

  • Sjå planane her:
    Tegninger av ny tribune på Brann stadion

– I tillegg får me ny gymsal og garderobar for dei unge spelarane i utviklingsavdelinga. Framtidas brannspelarar har i dag triste og dårlege lokale.

Hyblar finansierer alt

Tribunen blir finansiert ved at Studentsamskipnaden kjøper hyblane for 265 millionar kroner, og 9 % av tomta til sportsklubben blir eit sameige med Studentsamskipnaden.

– Me får altså oppgradert alt me treng for framtida utan at me må ta opp ny gjeld. Ikkje minst får me ny publikumsinngang og mykje betre toalettanlegg for publikum.

På den andre sida får Brann stadion 824 færre sitteplassar og 187 fleire ståplassar etter utbygginga. Samla kapasitet blir dermed redusert med 637, til 17.049 plassar.

Vibeke Johannesen, dagleg leiar Sportsklubben Brann

GLER SEG: Dagleg leiar Vibeke Johannesen i Brann meiner det er på høg tid at den siste gamle tribunen blir erstatta.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Styret meiner det er nok.

Brann ventar på svar frå Bergen kommune om reguleringsplanen. I mellomtida blir utbyggingsplanane lagt fram på ei ekstraordinær generalforsamling 5. desember.

– Me håpar å byrja rivinga i månadsskiftet januar/februar.

Klar til 100-årsjubiléet

Dermed vil den eine langsida mangla i heile 2018-sesongen, men ny tribune kan vera klar til 2019-sesongen.

– Då er det 100 år sidan Brann stadion opna i 1919.

Studenthyblane skal etter planen vera klare 1. august 2019.

Illustrasjon av ny tribunde på Brann stadion

NÆRARE SPELARANE: Den nye tribunen er planlagd opptil 10 meter nærare banen enn den gamle (markert med raud strek).

Foto: Illustrasjon frå Sportsklubben Brann

125 av hyblane får vindauge inn mot stadion. Men det blir ikkje mogleg å sjå kampane gratis frå hybelen.

– Vindauga skal avskjermast på kampdagar, til dømes med klubblogoen, seier Johannesen.

Johannesen håpar uansett at studentane kjem på kampane.

– Kanskje tilflytta hybelbuarar til og med blir brannsupporterar.

– Dei kan jo få partoutkort inkludert i hybelleiga?

– Ja, kanskje det.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017