Vil redusera fisket etter leppefisk

I år vart det fiska 27 millionar leppefisk, men uro for bestandane langs kysten gjer at Fiskeridirektoratet no vil regulera fisket kraftig. Dei foreslår ei totalkvote på 18 millionar fisk og at det kun blir fiska mellom midten av juli og 1.november. I år vart fisket etter leppefisk stogga først 20.november.

Leppefisk foran anlegg
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix