NRK Meny
Normal

Vil rassikra E16 ved hjelp av verdas lengste vegtunnel

Mellom Bergen og Voss blir det vurdert å bygga verdas lengste vegtunnel. Dette er einaste framtidige løysing for E16 meiner Vegvesenet og geologar.

Ein lang tunnel er einaste framtidige løysing for E16 mellom Bergen og Voss. Det meiner både Vegvesenet og geologar.

VIDEO: Statens vegvesen jobbar med utbetringsplanar for E16. Ein 33 km lang tunnel er eit av alternativa som blir vurdert.

Onsdag for snart ei veke sidan blei E16 stengt etter eit ras ved Stanghelletunnelen. I går blei det kjent at E16 vil bli verande stengt på ubestemt tid .

Samstundes med at rassikring blir gjort på strekninga jobbar Statens vegvesen også med framtidige planar for stamvegen mellom vest og aust.

Kjell Kvåle i Statens vegvesen

FLEIRE LØYSINGAR: Tunnel på 33 eller 25 km er berre to av alternativa Kjell Kvåle og medarbeidarane hans i Statens vegvesen vurderer for E16.

Foto: NRK

– Me siktar oss inn på at me skal rassikra dei verste partia med tunnel. Og så vil det kunnast gjerast mindre tiltak på det som blir liggande igjen som lokalveg, seier senioringeniør Kjell Kvåle i Statens vegvesen Region Vest.

Forbi Stanghelle, der hovudvegen mellom Bergen og Oslo no er stengt, kan verdas lengste vegtunnel bli ein realitet.

Vegvesenet vurderer å bygga tunnel for både veg og jernbane. To alternativ for tunnel blir vurdert, det eine på 25 kilometer og det andre er 33 kilometer langt. Det lengste alternativet er dermed 9 kilometer lenger er Lærdalstunnelen, det som i dag er verdas lengste vegtunnel .

LES OGSÅ: Her møter vogntoget raset på E16

Professor anbefaler tunnel

Vegvesenet ventar denne veka å få inn innspel på planane frå dei tre kommunane som er berørt av planane; Bergen, Vaksdal og Voss.

Haakon Fossen

DOKTORGRAD: Haakon Fossen si doktorgrad handla om rasfarlege E16.

Foto: Christine Kongshavn / NRK

– Me kjem uansett til å greia ut fleire løysingar, ikkje den dei lange tunnelane, seier Kvåle.

Professor Haakon Fossen ved institutt for geologi ved Universitetet i Bergen har tatt doktorgrad om dei rasfarlege områda langs E16. Fossen meiner E16 er eit viktig område, som det samstundes er vanskeleg å sikra.

– Tunnel vil eg seia at er det sikraste, heilt klart, seier Haakon Fossen.

– Tunnelbygging må starta fortast mogleg

– Det er fullstendig uhaldbart at hovudstamvegen mellom Bergen og Oslo er så farleg at den kan bli stengt på ubestemt tid, seier Roger Moum, leiar for Vestnorsk Transportarbeidarforeining.

Transportarbeidarforeininga meiner det ikkje er mogleg å sikra alle fjell og bergsider langs E16 mellom Bergen og Voss.

– Alle skjønar at det er umogleg å sikra absolutt alt slik vegen er no. Det må difor settast i gang arbeid med å legga dei mest utsette delane av denne vegstrekninga i tunnel, og dette arbeidet må starta så fort som mogleg, seier Moum.

Noko som kan få stor innverknad på kva løysing som blir vald for E16 er kostnadene. Ny veg og bane mellom Bergen og Voss kan komma til å kosta 50 milliardar kroner.

– Viss det er rammer og politisk vilje til det, så kan det i beste fall ligga fire år fram i tid. Men det er store beløp, så kor mange år fram i tid det faktisk blir er ikkje mogleg å seia i dag, seier senioringeniør Kjell Kvåle.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik