Hopp til innhold

Vil plassere politiske motstandarar side om side i opent kontorlandskap

BERGEN (NRK): Politikarane ristar på hovudet over planane for det nye rådhuset.

Oddny Miljeteig og Tor Woldseth i åpent kontorlandskap

OPENT: Oddny Miljeteig (SV) og Tor Woldseth (Frp) kan risikere å måtte sitte slik i det nye rådhuset i Bergen. I tillegg skal det vera heilt opent inn til byrådspartia.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Dette er ikkje framtida. Vi får vel stoppa dette, kviskrar Tor Woldseth (Frp) over den svarte skiljeveggen.

På den andre sida sit Oddny Miljeteig (SV) og er for ein gongs skuld samd med Frp-aren.

Verken Woldseth eller Miljeteig er noko særleg kjent for å gå stille i gangane i sitt politiske virke. Men om to år, når rådhuset i Bergen er ferdig pussa opp, risikerer dei å måtte endre litt på det.

Opne politiske kontorlandskap kan nemleg bli kvardagen når dei innvendige veggane på rådhuset blir rivne.

Må dela på 25 kvadratmeter

Planen er at alle etasjane i rådhuset skal byggast om til såkalla aktivitetsbaserte arbeidsplassar. Lange korridorar med små kontor på kvar side blir bytta ut med opne arbeidssoner.

Dei aller første skissene syner at heildagspolitikarane i opposisjonspartia skal dela to rom på 25 kvadratmeter med fire kontorpultar i kvart rom. Ingen skal ha faste plassar.

Politikarane i Høgre, Frp, SV, MDG, Raudt og Sp skal altså sitja side om side. Det får politikarane til å reagere.

Miljeteig og Woldseth har tatt NRK med til felleskontoret til kommunens sentralbord for å vise korleis det vil bli.

– Me kan ikkje driva politisk arbeid slik. Dei andre skal ikkje høyra når eg snakkar med mine partifellar om kva me skal meina i ulike saker, og eg skal sjølvsagt ikkje høyra kva til dømes Frp planlegg, seier Miljeteig.

– Det blir utfordrande å gå rundt og kviskra. Vi kan ikkje ha det slik, følgjer Woldseth opp.

VIDEO: Sjå korleis det kan oppstå utfordringar med det opne landskapet på rådhuset i Bergen.

– Berre skisser

Finansbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) har ansvaret for den planlagde ombygginga av rådhuset.

Han svarer ikkje på kva som er hensikta eller fordelen med at partia sit heilt oppi kvarandre.

– Aktivitetsbaserte arbeidsplassar er ikkje eitt stort, ope rom. Det vil vera eigne soner, møterom og prosjektrom som partia, gruppene og fraksjonane kan bruka.

På spørsmål om det ikkje vil bli mykje smuglytting blant politikarane, humrar Ulstein.

– Det var ein av dei tinga eg merka meg og reagerte på. Men som sagt: Dette er berre eit utkast.

Opent inn til byrådspartia

På skissene er det også teikna inn at det berre skal vera ein open gang utan dører mellom opposisjonspartia og byrådspartia sine rom. Både byråds- og opposisjonspartia skal i tillegg dela stillesoner.

Oddny Miljeteig (SV) meiner skissene ikkje er tilpassa behova for verken politikarane eller dei rådhustilsette i alle dei andre etasjane.

– Bystyrevedtaket frå juni er fullstendig boikotta. Arbeidsplassane skulle leggast til rette ut frå dei tilsette sine behov og arbeidets karakter, men alle etasjane er teikna så godt som kliss like.

Hovudverneombod Eli Tysnes i Bergen kommune meiner behovet for avskjerma rom er varetatt, men seier planteikningane ikkje er hogne i stein.

– Dette er skisser. No kan alle gi innspel til talet på stillerom eller andre soner. Men cellekontora får dei uansett ikkje behalda.