Hopp til innhold

Vil meir enn halvere kravet til uteareal i barnehager

Byrådet i Bergen vil meir enn halvera kravet til utandørs leikeareal for å få opp barnehagebygginga i dei sentrale bydelane. Utdanningsforbundet ristar på hovudet.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Med dei nye endringane vil barna ha 24 kvm å boltre seg på. Årstad og Bergenhus kan gå ned til 40 % av den nye norma, altså til berre 9,4 kvm.

No kan mindre uteareal for barn i barnehagen bli regelen i dei sentrale bydelane i Bergen.

– Vi har for små tomter

– Det er mange som vil bu i Bergen sentrum, men vi har for små tomter til at ein kan byggje barnehagar etter den gjeldande arealkrav-norma, seier oppvekstbyråd Jana Middelfart Hoff frå Høgre.

I tillegg til å redusere på parkeringskrava ved barnehagane, vil oppvekstbyråd Jana Middelfart Hoff frå Høgre lempa på krava til leikeareala ute.

– Vi seier no at ein kan få disposisjon til normkrava når det gjeld uteareal, om dei kan vise til at dei har parker, byrom, grønt areal, byfjell og liknande som dei kan bruke i staden for, seier Hoff.

– Barn har behov for å bevege seg, seier Siren Risti, leiar for utvalg for barnehage i Utdanningsforbundet.

Kan gå frå 30 til 9,4 kvm

I dag er norma i Bergen kommune at dei minste barna skal ha 30 kvadratmeter å boltra seg på, medan dei største skal ha 24 kvm.

Jana Middelfart Hoff

LEMPA PÅ KRAVA: Oppvekstbyråd Jana Middelfart Hoff frå Høgre vil lempa på krava til leikeareala ute.

Foto: Sølve Rydland

Med dei nye endringane vil alle barn berre ha 24 kvm å boltre seg på. Årstad og Bergenhus kan derimot gå ned til 40 % av den nye norma, altså til 9,4 kvm.

– Kan det ikkje vere uheldig å presse for mange barn inn på eit lite uteareal?

– Om du har ein god park ved sidan av barnehagen, så trur vi at det kan vere ein god ide, men det er veldig viktig å merke seg at vi gjer ingenting med innearealet, seier Hoff.

– Kan vere konfliktskapande

Siren Risti i Utdanningsforbundet er skeptisk til endringane, og meiner boltreplassen er viktig for at barna skal trivast.

– Det kan by på pedagogiske utfordringar. VI veit at fleire barn på eit avgrensa areal kan vere konfliktskapande, seier Risti.

Pål Hafstad Thorsen frå arbeidarpartiet og leiar oppvekstkomiteen i bystyret, er glad for at det skal brukast mindre plass på parkering – men mindre begeistra for at leikeplassane vert mindre.

– Eg er skeptisk til å redusere uteområdet og leikearealet til barna. Vi er meir interesser i å diskutere korleis ein kan redusere infrastrukturen rundt barnehagen for å realisere fleire barnehagar, seier Thorsen.

– Ikkje utfordrande

I Rosetårnet barnehage i Bergen sentrum har barna det ein del trongare på leikeplassen enn i dei fleste andre barnehagar i Bergen og ligg allereie i dag langt under dei noverande krava med 17 kvm per barn.

Aina Louise Hågensen som er styrar i barnehagen meiner likevel at barna klarar seg fint på så liten plass.

– Sånn som vi har det, så opplever eg ikkje så store utfordringar, seier Hågesen.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Pål Hafstad Thorsen frå arbeidarpartiet og leiar oppvekstkomiteen i bystyret, er skeptisk til at leikeplassane vert mindre.