Vil laga pene kraftmaster

Kraftmaster i tre kan letta motstanden mot kraftinngrep i naturen, meiner BKK.

Kraftmast i tre

LAGA AV TRE: Alternative master laga av limtre.

Foto: BKK

- Me har ikkje som mål å gjera mastene usynlege, men me ynskjer å bøta på at me gjer eit inngrep i naturen, seier prosjektleiar i BKK, Solveig Renslo.

Designselskapet Widenoja trur finare kraftmaster kan ha ein positiv verknad på motstanden mot kraftlinjer i Hardanger. Førre veke sa Regjeringa ja, trass stor lokal motstand, til å byggja ei kraftlinje gjennom Hardanger.

LES ÒG: Byggjer kraftlinje i Hardanger

Meir positive

Widenoja samarbeider med BKK om å laga finare master i den planlagde kraftgata mellom Mongstad og Modalen.

- Eg trur absolutt at nokre vil vera meir positive til master når dei ser korleis desse er utforma, seier Eva Widenoja i Widenoja design.

Mastene ho har designa for BKK er i limtre. Dei har skrå stolpar og den tverrliggjande delen øvst skal vera i bogeform.

Artikkelen held fram under biletet.

Montasje Eikemodalen

I NATUREN: Slik ser designselskapet Widenoja føre seg at mastene kan bli sjåande ut i Eikemodalen.

Foto: BKK

- På denne måten tek mastene opp formene i landskapet rundt dei. Ein kan alltids setja opp vanlege master, men det er viktig å tenkja på korleis kraftmaster påverkar landskapet, fortel Widenoja.

Ho trur at eit mindre teknisk uttrykk vil gjera at mastene lettare glir inn i landskapet.

Mindre positive

Trass meir harmoniske kraftmaster, Einar Grieg i Bergen Turlag er ikkje overtydd.

- Desse mastene vil råka våre ruter og hytter, seier Grieg.

Han trur ikkje at master i limtre vil ha noko å seia for motstanden mot dei.

- Dei tekniske inngrepa vil uansett bli gjort. Turgåarar og andre må leva med master, kraftgater og leidningar, fortel Grieg.

LES MEIR OM KRAFTLINJA I HARDANGER: Lenkjegjeng frå heile landet | Lokalsamfunnet måtte vika

Søk i valresultata

valg-dekorasjon