Hopp til innhold

Brenn for å lære barn å overleve utandørs

– Det handlar om å få ungdom til å bli betre kjent med naturen, seier Robin Dale Oen. Han lærer unge å sløye fisk, filetere vilt, leve av bark og kråkebollar – og ikkje minst, å ete maur rett frå tua.

Robin Dale Oen

ET BÅDE BARK OG MAUR: Ungdommar som blir med på The Dale Oen Experience, bør vera opne for nye smakar. Robin Dale Oen vil lære unge å klare seg utandørs, og då blir både maur, bark og andre elles uutforska naturrettar ein del av menyen.

Foto: Adalheidur Oldeide

Robin Dale Oen

GJESTEPROGRAMLEIAR I NRK: – Det handlar om å få gode naturopplevingar, og om å lære å klare seg med lite, seier Robin Dale Oen. her som gjesteprogramleiar i NRK Hordalands morgonsending.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

Robin Dale Oen frå Øygarden er storebroren til symjetalentet Alexander Dale Oen. Då veslebroren døydde, blei det viktig for Robin å realisere deira felles draum, nemleg eit naturopplevingssenter for barn og unge.

Resultatet blei "The Dale Oen Experience", eit tilbod for barn mellom åtte og 18 år, basert på ideen om at det meste er mogeleg å få til – og at positive naturopplevingar kan få fram det beste i dei fleste menneske.

Men heime hos familien Dale Oen er det inga aldersgrense når det gjeld å komme seg ut. Dei har som mål å ete middag ute i naturen minst to gongar i veka.

– Me prøver iallfall å ha minst eit måltid ute på primus eller bål. Då ber det ut, så lagar til det meste: Gryterett, biff, egg, nesten kva som helst.

Vil få folk ut

Maurtue

EIT MATFAT? Ei ganske vanleg maurtue kan lett bli til ein ganske vanleg munnfull. Iallfall for den som er svolten eller eventyrlysten nok.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ifølgje småbarnsfaren er det slettes ikkje nødvendig å få langt for at dei minste skal få opplevinga av å vere del av naturen. Med eit barn på to år og eitt på fem bgrensar turane stort sett seg sjølv, seier Dale Oen.

– Ein kilometer held i massevis for ein toåring. Det handlar om å gje barna mogelegheita til å vere ute, og kanskje få litt andre verdiar enn å berre sitja inne.

Les òg: – Dette er tett opp til Alexander sin drøm

Frå naturens matfat

Ifølgje Dale Oen er det nesten ingen grenser for alt ein kan putte i seg dersom ein verkeleg skal kjenne på kroppen kva som skal til for å klare seg i øydemarka.

– Det er fullt mogeleg å for eksempel klare seg ei veke utan å ha med mat. Men det krevst litt førebuing. Her ute i havgapet kan det for eksempel vere fisk, kråkebollar, blåskjel og andre ting. Maur, for den saks skuld.

– Maur? Verkeleg?

– Maur mettar når ein er veldig svolten. Det går sjølvsagt an å koke eller steike den, men me tar dei stort sett rett frå tua, smiler Dale Oen.

– Korleis er smaken?

Det smakar omtrent ingenting. Litt surt, berre. Når me har med ungdommar på tur, smakar dei fleste. Nokre utan å mukke, medan ein del treng litt overtaling.

Tilbake til røtene

Ideen til The Dale Oen Experience kom saman med den no avdøde veslebroren, Alexander Dale Oen. Dei to brørne hadde nær kontakt, og draumen var å starta opp noko slikt saman.

Alexander skulle berre vinna OL i 2012 først. Slik gjekk det ikkje. Etter brorens død blei det likevel viktig å realisere den felles visjonen deira.

Robin Dale Oen

VIL LOVFESTE SYMJEOPPLÆRING FOR BARN: – Vi ser nye, flotte anlegg som her i Bergen bli bygd, og det er flott. Samtidig høyrer vi stadig om basseng rundtom i distrikta som blir lagt tomme, no seinast frå Fauske, der det er lang veg til neste basseng. Eg meiner at vatn i bassenga er noko vi må ha. Her frå ein testrunde i Bergens nye symheanlegg 'Alexander Dale Oen Arena'.

Foto: Mette Anthun / NRK

Kvifor er det så viktig å få ungdom ut i naturen?

Det handlar om å koma tilbake til røtene, å hugse kvar ein kjem frå. Å leve av det som er tilgjengeleg her og no.

Vil lovfeste barns symjekunnskapar

Til liks med broren er Robin Dale Oen tidlegare ein aktiv symjar. Derfor er norske barn sine svinnande symjekunnskapar noko som engasjerer.

– Pengane rår på det området som overalt elles. Når ein kommune har eit stramt budsjett og må kutte, er det vel lett å kutte i det som kostar litt, for eksempel å halde bassenget ope. Men for ungane kan det handle om å overleve.

Derfor ønskjer Dale Oen eit lovforslag som seier at ein må lære å symje på skulen.

– Slik det er i dag, er det i altfor stor grad opp til einskilde lærarar. Det er ille når eit land som vårt, med vatn på alle kantar, ikkje greier å halde oppe kunnskapen som skal til dersom ein hamnar uti.

  • Høyr heile morgonsendinga med Robin Dale Oen her: