NRK Meny

Vil la St. Paul gymnas utvida

Fleirtalet i fylkesutvalet i Hordaland går inn for å la friskulen St. Paul gymnas utvida elevtalet med 146 elevar. Det skjedde med dei åtte røystene til Høgre, Frp, Venstre, MDG og KrF. Dei sju representantane frå Ap, SV og Sp røysta i mot. Det er Utdanningsdirektoratet som fattar den endelege avgjerda.

Rektor Petter Gjessing jublar over fleire skuleplassar ved St.Pauls i Bergen
Foto: Sølve Rydland / NRK