Vil kvotere inn kvinnestatuar: – Vi blir fortalt at berre menn er heltar

BERGEN SENTRUM (NRK): I ei rekkje norske byar har ikkje kjente kvinner fått ein einaste statue. No krev SV at fleire kvinner med både namn og klede hamnar på sokkel.

Oddny Miljeteig og statuen «Dansk pike»

KREV HANDLING: – Vi kan ikkje gå halve 2000-talet med nesten berre minnesmerke over menn, seier Oddny Miljeteig. Her står ho ved den namnlause statuen «Dansk pige» av Gerhard Henning.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Midt i Bergen sentrum står ei naken kvinne og skodar utover Lille Lungegårdsvannet. Ho har ikkje noko namn, men er kjent som «Dansk pige».

Dette er ein av få statuar som viser ei kvinne i Bergen. Dei fleste er namnlause som henne.

Berre to kvinner, Amalie Skram og Madam Felle, har blitt heidra med heilt eigne namngitte statuar. Nokon få har fått heider saman med dei meir kjende ektemennene sine. Bortsett frå det er det relativt skralt.

Samstundes finst det byster eller skulpturar av 75 namngitte menn.

– Når alle helteskulpturane er av menn, gir det eit inntrykk av at det er menn som har drive historia fram, medan damene har gjort dei usynlege syslane som ikkje har betydd så mykje, seier bystyrerepresentant for SV i Bergen, Oddny Miljeteig.

Amalie Skram, statue på Nordnes i Bergen

DEN EINE AV TO: På Nordnes står det ein statue av forfattaren Amalie Skram, nokre meter frå huset der ho vaks opp.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ønskjer ti statuar på ti år

Saman med partikollega Hilde Maria Broberg Andresen har ho planar om å gjere noko med det.

I bystyremøtet i Bergen onsdag denne veka føreslår dei å setje opp ti statuar av kvinner dei neste ti åra.

– Det skulle ha vore gjort for 150 år sidan. Erkjenninga av kor gale det står til, har kome dei seinare åra. No må vi ta tak, så vi ikkje får halve 2000-talet med nesten berre minnesmerke over menn, seier ho.

"Dansk pige", statue av Gerhard Henning i Bergen sentrum

NAKNE OG NAMNLAUSE: Kvinner på sokkel har ofte verken namn eller klede.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fann ikkje kvinnestatuar

Men det er ikkje berre i Bergen det er dårleg stilt. I boka «Fast plass. Norske kvinner på sokkel» frå 2017 blei det gjort ei landsomfattande kartlegging.

Redaktør Hilde Herming fortel at dei fann 80 statuar eller minnesmerke over namngitte kvinner i Noreg.

30 av statuane fann dei i Oslo. Herming trekker også fram Bergen som ein av byane som har flest statuar av namngitte kvinner, sjølv om du kan telje dei på ei hand.

– Mellom anna i Drammen, Bodø, Tromsø, Moss og Kongsvinger fann me ingen minnesmerke eller statuar over namngitte kvinner, seier ho.

Madam Felle, statue på Sandvikstorget i Bergen

DEN ANDRE AV TO: På Sandvikstorget i Bergen står det ein statue av kroverten Madam Felle.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Ei byste ved si eiga grav

Eit anna problem er at statuar og minnesmerke over kvinner ofte er plassert på bortgøymde stader. Utanfor Stortinget er det ikkje funne plass til ei einaste kvinne.

– Det synest eg er merkeleg. Vi hadde rekna med at det ville bli reist ein statue av ei kvinne i samband med stemmerettsjubileet i 2013, seier Herming.

Særleg sidan det i samband med grunnlovsjubileet året etter blei funnen plass til ein statue av kong Christian Fredrik.

Gina Krog, ein av leiarane bak kampen for kvinners stemmerett, har for eksempel ikkje fått ein eigen statue.

– Ho har berre ei byste ved si eiga grav i Oslo, seier Herming.

Edvard Grieg, statue av Ingebrigt Vik, og byste av Asbjørn Høglund, ved Grieghallen

DOBBEL EDVARD: Bergen har seks minnesmerke over komponisten Edvard Grieg. Ved Grieghallen står to av dei med nokre meters mellomrom.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Nesten ingen offentlege initiativ

Ho tykkjer initiativet frå SV er interessant.

– Det kan sette i gang ein offentleg debatt om kven som skal heidrast, kvar minnesmerka skal stå og kva kunstnariske uttrykk dei skal få.

Samstundes seier ho at det ikkje er vanleg at det offentlege tar ansvar for minnesmerke om kvinner.

I arbeidet med boka fann dei berre eitt døme på at offentlege styremakter tok initiativet og finansierte ein statue av ei kvinne. Det er statuen av kronprinsesse Märtha i Slottsparken, som Stortinget gav i gåve då kong Harald fylte 70 år.

– I dei fleste tilfella er det privatpersonar, foreiningar eller lag som set i gang. Så får dei kanskje litt offentleg støtte etter kvart, seier Herming.

Klima, kultur og næringsbyråd Julie Andersland (Venstre) i Bergen

ØNSKJER FLEIRE: Kulturbyråd Julie Andersland (V) ønskjer fleire statuar av kvinner, men meiner éin i året er for ambisiøst.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– For ambisiøst

Også byrådet i Bergen meiner forslaget til SV er godt.

– Det er svært skeivfordelt. Det vil gjere byen vår rikare om vi får løfta fram nokre av dei viktige kvinnene, seier kulturbyråd Julie Andersland (V).

Likevel meiner byrådet at ein statue årleg er for ambisiøst. Dei meiner det vil ta tid å velje ut kven som skal heidrast, kva kunstnar som skal få oppdraget, kor statuen skal stå og kva for ein uttrykksform ein skal velje.

– På eitt år trur eg ikkje vi får den kvaliteten vi treng, seier ho.

Byrådet ser føre seg at to-tre år per statue er meir realistisk.

– Eg kjenne at eg sukkar djupt og inderleg. Er det verkeleg så vanskeleg å få til ei satsing når det gjeld kvinner? Det synest eg er forunderleg, seier Miljeteig.