NRK Meny
Normal

Vil kvotera inn eittåringar

Eit forslag om kvotering av dei minste aldersgruppene i barnehagar kjem opp i bystyret i Bergen.

Barnehage
Foto: Illustrasjonsfoto: Berit Roald / Scanpix

Mange eittåringar i Bergen får ikkje gå i barnehage fordi eitt år i barnehagekø ikkje er lenge nok til å få plass.

Etter at småbarnsmor Cathrine Tviberg i dag fortalde om eittåringen sin som ikkje får barnehageplass, lover gruppeleiar Oddny Miljeteig i SV å ta saka opp i bystyret.

 

To- og treåringar tek opp plassane

I mange barnehagar i Bergen blir dei minste avdelingane fyllt opp med to- og treåringar, rett og slett fordi eittåringane ikkje har rokke å stå lenge nok i barnehagekø.

I dag kom mammaen til Markus, Cathrine Tviberg, med ein idé til løysing.

- Ein må kvotera inn dei på eitt år ved å ha eit visst tal på born i kvar alder i barnehagane, meiner ho.

Vil ha kvotesystem

Eit slikt kvotesystem vil gruppeleiar Oddny Miljeteig i SV gjerne ha.

Og som komitéleiar for oppvekst i bystyret, lover ho å ta fatt på saka allereie første arbeidsdag etter påske.

- Me kan jo ikkje ekskludera ein heil årgang i barnehagane. Born i alle aldersgrupper i alle barnehagar er eit mål, seier ho.

- Mindre forutsigbart

Men forslaget om kvotering av dei minste møter motargument i byråkratiet.

-  Jo fleire ein gir fortrinn til, jo mindre forutsigbart blir ordninga, seier rådgjevar Bjørg Løver i oppvekstetaten.

Men Miljeteig i SV meiner det knapt er mogleg å laga ei rettvis og forutsigbar opptaksordning så lenge det er mangel på barnehageplassar.

Ho vil ha ei kvoteordning til barnehagedekninga er på plass.

- Ein må gjera det beste ut av det medan ein vonleg byggjer barnehageplassar på spreng, meiner ho.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.