Hopp til innhold

Fryktar regjeringsforslag vil bety slutten for leirskulane

Regjeringa vil kutte øyremerka tilskot til leirskular. Det kan bety slutten for leirskuleordninga, fryktar Norsk leirskuleforeining.

Skjergardheimen leirskule

FRYKTAR FOR FRAMTIDA: Norsk leirskuleforeining fryktar regjeringa sitt nye forslag vil øydeleggje den norske leirskuleordninga.

Foto: Tale Hauso / NRK

No fryktar foreninga at kuttforslaget vil ramme dei 60.000 borna som reiser på leirskule kvart år.

– Vi trur kommunane vil bruke midlane på andre ting om dei ikkje er øyremerka. I verste fall kan dette bety slutten for leirskuleordninga slik vi kjenner ho i dag, seier leiar for Norsk Leiskuleforeining, Trond Setlo.

Fryktar kommunane vil kutte

Han meiner midlane må vere øyremerka for at kommunane skal vere med på å finansiere leirskuleordninga.

– Det er veldig alvorleg for leirskulane. Mange kommunar har dårleg økonomi, og vil truleg ikkje prioritere leirskulefinansiering. Kommunar som driv leirskule har tilsett undervisningspersonale, og underviser elevar får fleire kommunar, seier Setlo.

Asbjørn Sekse

EIT TAP: Lærar ved Skjergardheimen leirskule, Asbjørn Sekse, meiner leirskulane er eit viktig tilbod i norsk skule.

Foto: Tale Hauso / NRK

Setlo meiner øyremerkinga er ein garanti som sikrar dei kommunane som har valt å satse på leirskule, at dei omliggande kommunane vil betale for å sende sine elevar dit også.

– Tap for skulekvardagen

Ein av leirskulane som kan vere truga er Skjergardheimen i Øygarden kommune.

– Det vil vere eit tap for skulekvardagen generelt å ikkje ha tilbodet om leirskule, seier lærar ved Skjergardheimen, Asbjørn Sekse

Sist veke var over 50 7. klassingar på plass for å lære seg mellom anna kanopadling og sjøvett.

– Vi har lært mykje om fuglar og fisk. Ein må berre oppleve det å reise på leirskule. Vi har blitt kjent med så mange nye folk, og lært mykje om naturen, seier 7.klassingane Jakob Obroslak og Julie Vikum frå Sande skule.

Også Utdanningsforbundet i Hordaland er skeptiske til endringsforslaget.

Henrik Asheim

GÅR FINT: Stortingsrepresentant for Høgre, Henrik Asheim, meiner kommunane sjølv bør få bestemme over midlane, og vil fjerne øyremerkinga.

Foto: Høyre

– Finansieringa til leirskulane har ein tendens til å forsvinne i kommunebudsjettet om dei ikkje er øyremerka. Leirskulane er eit viktig tiltak, og det ville vere synd om dei skulle forsvinne, seier leiar, Jon Tosvik.

– Kommunane kan styre dette sjølv

Men stortingsrepresentant for Høgre, Henrik Asheim, meiner at kutta ikkje vil skape problem.

– Det er viktig for oss at leirskuletilbodet er godt, men vi har også tillit til lokaldemokratiet og dei som styrer ute. Om ei kommune heller vil prioritere å støtte eit anna tiltak, så meiner vi at dei skal ha mogelegheit til det, seier Asheim.

– Om regjeringa etterkvart ser at kommunane ikkje brukar midlar på leirskule, kva vil de gjerre då?

– I ein situasjon der vi ser at leirskulesystemet lir på grunn av desse tiltaka må vi ta ein ny diskusjon, men eg trur ikkje det kjem til å skje, seier Asheim.